Semesters
MGL5-10EN2B Engelsk 2B
Emnet Engelsk 2B utfyller perspektiva i Engelsk 2A på ulike måtar. Fokuset ligg framleis på eleven og engelsklæraren sitt møte med eleven, med noko meir vekt på spesifikke problem hjå einskildelevar og oppfølging av desse: tilpassa opplæring med læringsaktivitetar og arbeidsmåtar som kan nyttast i samband med dette er såleis framleis eit viktig element. Praksis vil også i tredje året ligge på ungdomstrinnet.
Emnet omfattar kunnskap om heilskaplege språkstrukturar i engelsk, med særleg vekt på munnleg kommunikasjon, og utvikling av eiga språkferdigheit, litteratur- og tekstkompetanse. Vi vil framleis arbeide med spørsmål kring språkets kulturelle forankring, men no med fokus på ulike notidige variantar av engelsk og engelsk som lingua franca. Emnet omfattar litterære- og ikkje-litterære tekstar og andre kulturelle uttrykk som gjev vidare perspektiv på globaliseringa av den engelskspråklege kulturen frå slutten av 1700-talet fram til det 21. hundreåret. Desse skal medverke både til personleg og fagleg vekst, og vere til bruk i undervisninga på mellom- og ungdomssteget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har meir djuptgåande kunnskap om barn og unge si språklæring i eit 2. og 3.- språksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
- har meir djuptgåande kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven, med særleg fokus på tilpassing til elevar med spesifikke problem
- har kunnskap om diskusjon og vurderingar kring val av læremiddel og andre opplæringsressursar, mellom anna digitale ressursar:
- har kunnskap om læringsvideo, både i undervisinga og som verktøy i skulen, og varierte vurderingsformer og former for rettleiing
- har kunnskap om engelsk språkbruk på Internett
- har kunnskap om engelske språklege strukturar med vekt på munnleg kommunikasjon, bruk av talerytme og intonasjon, og om skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
- har kunnskap om notidige variantar av engelsk og engelsk som eit internasjonalt lingua franca
- har kunnskap om samfunnsutviklinga i den engelskspråklege verda frå slutten av 1700-talet, med vekt på danninga av ein global engelskspråkleg kultur
- har kjennskap til eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå denne perioden, i original form og i moderne versjonar, og til moderne kunstuttrykk som omhandlar den same perioden, til både personleg vekst og undervisingsbruk
- har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innanfor utdanningsforsking
- har kunnskap om temaet som den einskilde har fordjupa seg i i FOU-oppgåva
Studenten
- kan bruke engelsk godt munnleg og skriftleg tilpassa ulike målgrupper, sjangrar og situasjonar med sammenheng, flyt og presisjon. Emnet legg vekt på munnleg språkferdigheit
- kan legge til rette for og leie eit trygt heilskapleg læringsmiljø som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar
- kan kritisk vurdere og velje mellom eit vidt spektrum av læremiddel, mellom anna digitale, for m.a. å tilpasse opplæringa til kvar einskilt elev
- kan bruke undervegs- og sluttvurdering for å rettleie elevar i deira utvikling, med bruk av varierte, digitale vurderings- og rettleiingsverktøy
- kan bruke kunnskap om engelsk språksystem, og språkbruk på Internett, til å justere eigen språkbruk og for å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane, med vekt på det munnlege
- kan identifisere og analysere sentrale trekk ved utviklinga i engelskspråklege samfunn frå slutten av 1700-talet fram til det 21. hundreåret med vekt på danninga av ein global engelskspråkleg kultur
- kan tolke litterære tekstar og kunstformer frå eller om perioden og kan bruke litteratur og kulturuttrykk frå eller om perioden i klasserommet
- har tileigna seg dugleik i akademisk skriving
- kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff
Studenten
- kan reflektere over eiga læring og praksis når det gjeld etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske og digitale kompetanse
- kan vise faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
- forheld seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi HVO sine digitale læringsressursar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar
Arbeidskrav:
- Ei kort språkprøve
- Ein 20 minutts munnleg presentasjon (med IKT-støtte) over eit tema vald i samråd med faglærar, etterfølgt av spørsmål frå resten av klassen
- Ei skriftleg oppgåve på 1200-1500 ord over eit tema vald i samråd med faglærar
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Asynkron innlevering av lydfil/videofil i Inspera. |