Semesters
MGL5-10KR1 Kroppsøving 1
Ingen.
Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving frå 5. trinn og ut grunnskulen.
Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.
Studenten skal tileigne seg kunnskap om og erfaring med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 5-10. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskulen. Det vert lagt vekt på undervisningskompetanse i idretts- og rørsleaktivitetar, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle rørsleformer i barne- og ungdomskultur. Kunnskap om korleis kroppsøving bidreg til elevane si heilheitlege utvikling, står sentralt.
Fagdidaktikken bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing, helse og rørsleglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart, legitimering og tilknyting til andre skulefag
har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for elevar
har kunnskap om undervisningsplanlegging, -gjennomføring og -evaluering i kroppsøving
har kunnskap om vurdering i kroppsøving
har kunnskap om idretts- og rørsleaktivitet, friluftsliv, leik, dans og tidsaktuelle rørsleformer i barne og ungdomskultur
har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hjå eleven
har kunnskap om kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barne- og ungdomskultur
Kandidaten
kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer
kan legge til rette for læringssarbeid som kan femje rørsleglede i leik, nærmiljøaktivitet og varierte rørsleformer
kan vurdere eleven si kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
kan utvikle og bruke ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre rørsleaktivitetar med tanke på undervisning i kroppsøving
kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt
kan vurdere eleven si måloppnåing, grunngi vurderingane og legge til rette for eleven si eigenvurdering
kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø
kan gi symjeopplæring på trinn 5-10 og utføre livbergande førstehjelp og livredning i vatn
kan inkludere dei grunnleggjande dugleikane i undervisninga på faget sine premissar
Kandidaten
kan drøfte på kva måte kroppsøving bidreg til eleven si allmenndanning
kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøving
kan arbeide med kroppsøving og rørsleaktivitet i tverrfagleg perspektiv
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, webinar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner, i sal, i symjebasseng og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Delar av teoretisk og praktisk undervisning vil skje i samarbeid med praksisfeltet. Seksjonen nyttar Canvas i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Digitale verktøy vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, studentpresentasjonar, arbeidskrav, undervisning i faget m.m.
Emnet består av:
Kurs 1: Undervisninglære i kroppsøving og idrett
Kurs 2: Motorisk læring
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:
Kurs 3: Dans
Kurs 4: Ski
Kurs 5: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar
Kurs 6: Ballspel
Kurs 7: Symjing, stup og livberging
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 7.
Kurs 6: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Krav om 100 % deltaking i kurs 4 og 5.
Arbeidskrav:
- Kurs 1. Forskings- og utviklingsarbeid knytt til praksisfeltet. Individuell eller gruppevis skriftleg innlevering med omfang på ca. 3000-3500 ord. Individuell/gruppevis respons til læringspartner(ar). Munnleg presentasjon av oppgåva til medstudentar individuelt/gruppevis.
- Kurs 1: Obligatorisk seminar.
Kurs 2. Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av ulike rørslemiljø for elevar. Skriftleg innlevering i grupper. Omfang på rapport: ca. 1500 ord.
Kurs 2: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av elevar i leik og fysisk aktivitet. Individuelt skriftleg refleksjonsnotat på ca. 500 ord.
Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 3, 6 og 7.
Godkjent livbergingsprøve i basseng.
Refleksjonsnotat knytt til praksis vedrørande friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Omfang: ca. 1000 ord.
Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet .
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
400kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kurs 1: Undervisningslære i kroppsøving og idrett | ||
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 2: Motorisk læring | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 5 Days | Pass / fail | Kurs 4: Ski Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100 % deltaking. | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 5 Days | Pass / fail | Kurs 5: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsettningar. Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100 % deltaking. |