Semesters
MGL5-10NA1B Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk
Ingen
Undervisninga i MGL5-10NA1B, saman med MGL5-10NA1A, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).
Emnet tek for seg tema i biologi, geofag og fagdidaktikk. Anatomi, fysiologi, økologi, berekraft og landformande prosessar er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring, utforsking og trene i argumentasjon er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
- kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
- kunnskap om anatomi og fysiologi hjå plantar og dyr
- kunnskap om bygnad og funksjon til nokre sentrale organsystem hjå mennesket og korleis dei blir påverka av livsstil og helse
- kunnskap om økologi, berekraft og miljø- og klimautfordringar, samt korleis undervise desse tema gjennom tverrfagleg undervisning og ved bruk av læringsaktivitetar inne og ute
- kunnskap om ulike naturtypar og biologisk mangfald, samt kunne namnsette og ha kunnskap om artar tilpassa norsk natur
- kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis desse har vore med på å forme landskapet
Studenten skal kunne
- planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter
- gjennomføre praktisk undervisning i biologi og geofag inne og ute med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan legge til rette for overgangen frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Undervisninga i emnet er organisert i form av førelesingar, digitale økter, oppgåveløysing og praktisk arbeid i laboratorium og i felt. Nærmare informasjon om organisering av emnet vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» § 4-6
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- Bestå to digitale artsprøvar basert på ei liste på 150 pensumartar
- Levere ein fagartikkel inkludert medstudentvurdering
- Levere samlerapport frå laboratoriearbeid
- Utvikle eit undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving
- Munnleg rapportering frå feltarbeid
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomførd i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | 1. Fagartikkel 2. Utvikling av eit undervisnings-opplegg med individuell didaktisk grunngjeving | ||
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Ingen |