Semesters

MGL5-10NA1B Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk

Course code: 
MGL5-10NA1B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Byggjer på kunnskapar tilsvarande MGL5-10NA1A, som kan takast parallelt.

Course content

Undervisninga i MGL5-10NA1B, saman med MGL5-10NA1A, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervisa naturfag på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen tilsvarande naturfag 1 i nasjonale retningslinjer for femårig grunnskulelærarutdanning steg 5-10. Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. På grunnlag av etablert og ny kunnskap/forsking frå naturvitskap og fagdidaktikk, og i samspel med skulepraksis, vil ein utdanna reflekterte lærarar med evne til å gje undervisning i teoretiske, praktiske og haldningsskapande sider av faget, både i overgangen mellom barne- og ungdomssteget og mellom ungdomssteget og vidaregåande opplæring. Naturfag er eit tverrfaglig fag med eit mangfald av arbeidsmåtar, noko som også vil avspegla innhaldet i emnet. Biologi og geofag er fagområder som er prega av både arbeid i laboratorium og undersøkelsar i felt, og dette blir avspegla i den praktiske undervisninga i studiet. Faga er også prega av sine eigne fagspråk, «literacies», og slik er kunnskap om faga sine tankemåtar, arbeidsmåtar, og språk vesentlig for ein lærar. Naturvitskapane er utforskande av natur, noko som  også må avspegla faget som skule- og lærarutdanningsfag. Sett under eitt vil desse trekka ved naturfag gje grunnlag for eit mangfald av arbeidsmåtar, noko som er lagt til rette for gjennom ulike arbeidskrav i emnet. Berekraftig utvikling er eit viktig omgrep innan naturfaga. Utdanning for berekraftig utvikling er inkludert i dette emnet og vert knytt til temaet som fagovergripande i lærerutdanninga generelt.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • skal ha faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå biologi og geofag
  • skal ha kunnskap om arbeids- og tankemåtar innan naturvitskap og måtar å legge til rette for dette i naturfagundervisning for mellom- og ungdomssteget
  • skal ha kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane sin forståing av naturfaglege omgrep, arbeids- og tankemåtar, inkludert overgang frå grunnskule til vidaregåande skule
  • skal ha fagdidaktisk kunnskap om planlegging av variert undervisning i naturfag
  • skal ha kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker og eigen undervisning
  • skal ha kunnskap om berekraftig utvikling som disiplinfagleg felt og utdanning for berekraftig utvikling som fagdidaktisk felt
  • skal ha kunnskap om bygnad og funksjon til celler og nokre sentrale organ/organsystem i menneskekroppen og korleis dei blir påverka av livsstil og helse
  • skal ha kunnskap om artar og grupper av organismar som er vanlege i norsk natur og korleis dei har utvikla seg gjennom tilpassing til miljøet
  • skal ha kunnskap om viktige prosessar og miljøutfordringar i økosystem og om naturtypar som er aktuell i feltarbeid på mellom- og ungdomstrinnet
  • skal ha kunnskap om jorda sin plass i universet, dei einskilde delane av solsystemet og korleis desse flyttar seg i forhold til kvarandre
  • skal ha kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og bergartane sitt krinslaup, inkludert kjennskap til utvalde norske mineralar og bergartar
  • skal ha kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og i felt
Learning outcome skills

Studenten

  • skal ha praktiske ferdigheter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå biologi og geofag, slik som å nytta relevant utstyr, undervisa i felt og gjennomføra aktivitetar med naudsynte tryggleikstiltak
  • skal kunne planlegga og utføra allsidig undervisning i skulefaget naturfag i innanfor ulike rammer og samanhengar
  • skal ha ferdigheiter i å undervisa og vurdera elevar sin læring tilpassa den einskilde elev sine evne og føresetnader
  • skal utvikla evne til å nytta naturfaglege tema som ein viktig del av fleir- og tverrfagleg undervisning 
  • skal kunna planlegga, utføra og reflektera over eigen undervisning på ungdomssteg på grunnlag av fagdidaktisk forsking, teori og praksis
  • skal kunna planlegga og utføra naturfagundervisning der grunnleggjande ferdigheiter og digital kompetanse er ein tydeleg og integrert del av faget
  • kan gjennomføra undervisning der teknologi blir knytt til relevante tema i naturfag
Learning outcome qualification

Studenten

  • skal kunna nytta kunnskapar og ferdigheiter på sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å visa samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evne til refleksjon og kritisk tenking
  • skal kunna knyta rolla som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som vedkjem naturvitskap og teknologi i samfunnet
Working and learning activities

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Den praktiske undervisninga består av to økter ved HVO pr. semester, kvar på 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.

Assessment requirements

 Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).

Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • levere fagrapport frå to laboratorieøvingar/feltarbeidsøkter
  • levere samlerapportar frå alt anna laboratorie- og feltarbeide
  • bestå ei artsprøve basert på ei liste på 150 pensumartar

Minst ein av fagrapportane skal vere knytt til eigen skulepraksis, og alle rapportar skal knytast til aktuelle kompetansemål i gjeldande læreplanverk. Arbeidskrava må vere godkjende for oppnå eksamensrett i emnet. Detaljer knytt til arbeidskrava vert kunngjorde i semesterplanen.

Evaluation system

Sensur vert gjennomførd i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11).

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Jan Håkon Vikane
Costs

Ingen

Expenses

Ingen

Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ingen
Approval signature: 
Anne Øie