Semesters
MGL5-10NO1B Norsk 1B: Norsk på ungdomssteget
På norsk 1B skal studentane få forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap på ungdomssteget. Dei skal byggje vidare på kunnskap frå 1A ved å lære å arbeide med å vidareutvikle dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, munnlege og digitale ferdigheiter i norskfaget og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. I tillegg skal studentane utvikle kunnskap om undervisningspraksisar knytt til nynorsk og bokmål, tilpassa opplæring og lese- og skrivevanskar. Som lærar på ungdomssteget er det forventa at læraren kan utvikle og legge til rette for eit meir analytisk forhold til tekstar og tekstkulturar. Emnet legg òg vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Hovudtemaet for praksis andre studieår er elevrolla og elevmangfaldet, og i praksis arbeider studentane mellom anna med den andre lese- og skriveopplæringa.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har omfattande kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter
- har brei kunnskap om arbeidsmåtar og metodar i den andre lese- og skriveopplæringa for ungdomssteget
- har inngåande kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om undervisnings- og vurderingspraksisar knytt til bokmål og nynorsk
- har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for ungdom
- har kunnskap om lese- og skrivevanskar
- har kunnskap om kartlegging og leseprøver, til dømes nasjonale prøver
- har kunnskap om akademisk skriving
Studenten
- kan gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar på ungdomssteget
- kan bruke ulike metodar og læringsressursar i lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan analysere og produsere skriftlege og multimodale tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar og medium
- kan analysere litterære tekstar og planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med litteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan oppdage lese- og skrivevanskar, bruke ulike kartleggingsverktøy og legge til rette for tilpassa undervisning på bakgrunn av resultat frå desse
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
- kan skrive ein akademisk tekst
Studenten
- kan legge til rette for at alle elevar på ungdomssteget vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og elles i samfunnet
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy.
- Studenten må ha minimum 80% frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6
- To skriftlege fagtekstar, ein på på bokmål og den andre på nynorsk. Til kvart av dei skriftlege arbeidskrava skal det inngå ein læringsfremjande respons til ein medstudent. Studenten skal også revidere teksten sin ut i frå rettleiing frå faglærar.
- Gruppeoppgåve med digital forteljing og ein munnleg presentasjon. Studentane skal vise evne til refleksjon rundt arbeidsprosessen og produktet, samt didaktisk bruk av digital forteljing i klasserommet, og dei skal kunne vurdere kvarandre sine presentasjonar.
- Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava ovenfor, blir studentane møtte med forventningar om å delta aktivt i undervisninga heile studieprosessen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Begge målformer skal nyttast i fagtekstane for å sikre at studentane har kompetanse i både nynorsk og bokmål. Målforma på refleksjonsteksten er valfri. | Studenten skal levere ein revidert versjon av kvar av dei to skriftlege arbeidskrava som skal utvidast til 2000 ord (+/- 10%). I tillegg må mappa innehalde ein didaktisk refleksjonstekst på 1000 ord (+/- 10 %), der studenten drøftar sin eigen læringsprosess i lys av emneplan og fagdidaktisk teori. |