Semesters
MGL5-10NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap
I norsk 2B står samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid sentralt. Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis språket har utvikla seg og framleis utviklar seg. Vidare vert arbeid med språkleg mangfald, språkleg variasjon og normering vektlagt i emnet. Andre emne er fleirspråkleg didaktikk, nabospråksforståing og nabospråksdidaktikk. Studentane lærer om skrivedidaktikk med særleg vekt på argumenterande skriving og vurdering.
I tillegg skal studentane arbeide med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei utvida forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
På norsk 2B-emnet ligg også FoU-oppgåva. Sjå eigen emneplan for FoU-oppgåva.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har brei kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
- har brei kunnskap om nabospråk og nordisk tekstkultur
- har kunnskap om språkhistorie, dialektar og språksosiologi
- har kunnskap om skriving og skrivedidaktikk
Studenten
- kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar
- kan bruke relevante vitskapsteoretiske metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den andre lese- og skriveopplæringa
- vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan kombinere munnlege og skriftlege undervisningsformer
- kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
- kan vise fagleg engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
- forheld seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar.
Studentane får tilbod om ein tur til samisk språkområde og Røros. Denne turen er ikkje obligatorisk. Dei som ikkje kan reise, må levere eit kompensatorisk arbeidskrav.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6
Arbeidskrav:
- Eit munnleg arbeidskrav.
- Eit munnleg/skriftleg arbeidskrav.
- Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisning i tillegg til arbeidskrava.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (12 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (18 min). Studenten må vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista. |