Semesters

MGL5-10PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet

Course code: 
MGL5-10PE2
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10PE1 Pedagogy and student knowledge 1: The teacher`s facilitation for learning and development
Course content

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 5 – 10. Emnet bygger på faget Pedagogikk og elevkunnskap 1, og utgjer 15 studiepoeng

Emnet tek føre seg elevmangfaldet og tilrettelegging for læringsprosessar for elevar på 5. – 10. trinn. Det er den lærande eleven som er i sentrum, der kvar elev med sine unike personlege, sosiale og kulturelle føresetnader for læring er ein del av ein fellesskap. Forskingsbasert kunnskap om arbeid med inkluderande og tilpassa opplæring, læring individuelt og i samspel står sentralt.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om

  • sentrale pedagogiske prinsipp for fremjing av inkludering og tilpassa opplæring
  • innhaldet i og grunngjevingane for sentrale reguleringar som gjeld elevar og deira rettar
  • tilpassa opplæring for elevar som har åtferdsutfordringar
  • sosialisering, danning og identitetsutvikling i lys av språkleg, kulturelt, religiøst og livssynsmessig mangfald
  • den norske skulen i lys av kristen tradisjon, sekularisering, pluralisme og fundamentalisme
  • sentrale trekk i religionar og sekulære livssyn som har særleg relevans for skulekvardagen
  • skulen i møte med den samiske urbefolkninga og nasjonale minoritetar
  • samarbeid mellom heim og skule
  • elevane si utvikling av motivasjon og læringsstrategiar
  • identitetsutvikling og sjølvoppfatning knytt til ungdomstid 
  • barn i vanskelege livssituasjonar
  • korleis praktiske og skapande prosessar kan påverke læring og utvikling
Learning outcome skills

 Studenten kan

  • bruke kunnskap om elevmangfaldet og elevar sine individuelle føresetnader til å skape tilpassa opplæring og inkluderande læringsmiljø
  • forklare forholdet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning
  • legge til rette for godt samarbeid mellom skule og heim
  • formidle eit samansett fagstoff på ein kvalifisert måte, munnleg, skriftleg og digitalt
  • planlegge undervisning som fremjar samhandling og respekt på tvers av religiøse og livssynsmessige skilje
  • ivareta livssynsmangfald i samarbeid med elevar og foreldre
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • legge til rette for eit læringsmiljø som fremjar inkludering gjennom fellesskap, deltaking, medbestemming og utbytte for alle elevar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning for elevane med utgangspunkt i eksisterande rammefaktorar og gjeldande læreplanverk
  • har kunnskap om og kan drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein skule prega av språkleg, kulturelt og religiøst mangfald
  • kan på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med eleven og deira føresette om elevane si læring og utvikling
Working and learning activities

Arbeidsmåtane vekslar mellom plenumsundervisningar som gir faglege innføringar, formidling og seminar med studentaktivitet, rettleiing frå faglærar, arbeid i gruppe og individuelt. Det vert lagt vekt på arbeidsmåtar som gir studentane moglegheit til å utvikle ferdigheiter dei treng i læraryrket, som å analysere, formidle, kommunisere, samarbeide, drøfte og leie.

Assessment requirements
  1. Krav om 80 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
  2. Tre arbeidskrav
  3. Aktiv deltaking i alle seminar knytt til dei skriftlege oppgåvene

Nærare retningslinjer om arbeidskrav vert gitt i semesterplanen i starten av semesteret.

Evaluation system
Maximum number of students: 
90
Person in charge: 
Anne-Kari Remøy
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Silje Ims Lied