Semesters
MGL5-10PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet
MGL5-10PE1
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 5 – 10. Emnet bygger på faget pedagogikk og elevkunnskap emne 1, og inneheld 11 stp. pedagogikk og 4 stp. religion, livssyn og etikk.
Emnet tek føre seg elevmangfaldet og tilrettelegging for læringsprosessar for elevar på 5. – 10. trinn. Det er den lærande eleven som er i sentrum, der kvar elev med sine unike personlege, sosiale og kulturelle føresetnader for læring er ein del av ein fellesskap. Forskingsbasert kunnskap om arbeid med inkluderande og tilpassa opplæring, læring individuelt og i samspel står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om sentrale pedagogiske prinsipp for fremjing av inkludering og tilpassa opplæring
- har kunnskap om sosialisering, danning og identitetsutvikling i lys av språkleg, kulturelt, religiøst og livssynsmessig mangfald
- har kunnskap om skule- heimsamarbeid
- har kunnskap om sentrale trekk i religionar og sekulære livssyn som har særleg relevans for skulekvardagen
- har kunnskap om innhaldet i og grunngjevingane for sentrale reguleringar som gjeld elevar og deira rettar
- har kunnskap om elevane si utvikling av motivasjon, sjølvregulering og kognitiv forståing
- har kunnskap om identitetsutvikling og sjølvoppfatning knytt til ungdomstid
- har kunnskap om skulen i møte med urbefolkning og nasjonale minoritetar
- har kunnskap om kvalitativt intervju som forskingsmetode
- har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innan utdanningsforsking
Studenten
- kan bruke kunnskap om elevmangfaldet og individuelle føresetnader til å skape tilpassa opplæring og legge til rette for eit inkluderande læringsmiljø
- kan planlegge undervisning som fremjar samhandling og respekt på tvers av religiøse og livssynsmessige skilje
- kan legge til rette for godt samarbeid mellom skule og heim
- kan nytte vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap
- kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff
Studenten
- kan legge til rette for ei undervisning og eit læringsmiljø som fremjar inkludering gjennom fellesskap, deltaking, medbestemming og utbytte for alle elevar
- kan bruke kunnskap om kva religion og livssyn har å seie for individ og samfunn i undervisning og i ulike samarbeidsrelasjonar
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesingar som gir faglege innføringar, seminar med studentaktivitet, rettleiing frå faglærar, arbeid i gruppe og individuelt. Det vert lagt vekt på arbeidsmåtar som gir studentane moglegheit til å utvikle ferdigheiter dei treng i læraryrket, som å analysere, formidle, kommunisere, samarbeide, drøfte og lede.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei gruppebasert oppgåve om tilpassa opplæring knytt til praksis og til digitale og munnlege framstillingsmåtar
- Eit munnleg, individuelt arbeid knytt til det tverrfaglege temaet “Den fleirkulturelle, livssynsmangfaldige og fleirreligiøse skulen”
- Aktiv deltaking i alle seminara som er knytta til arbeidskrava
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 29 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Alle hjelpemiddel tillatt |