Semesters
MGL5-10PR4 Praksis 4, 30 dagar
Praksis 4 er på mellom- eller ungdomssteget, og i den siste perioden er ei veke sett av til klasse- eller skuleovertaking.
Studentane skal utvikle ein meir inngåande kunnskap, og sentrale tema for praksisopplæringa er:
- Læreprosessar som fremmer inkluderande klasse- og læringsmiljø
- Tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen
- Skulen som organisasjon
- Forskings- og utviklingsarbeid ved praksisskulen
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Har inngåande kunnskap om tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremmer inkluderande klasse- og læringsmiljø
- Har inngåande kunnskap om barn og unge si utvikling, læring og danning i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar og korleis ein kan bruke kunnskap for å tilpasse opplæring til elevar sine føresetnader og behov
- Har inngåande kunnskap om skulen som organisasjon og skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet
- Har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar og gjeldande lovverk knytt til barn sine rettar
- Har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen
Studenten
Kan bidra til å utvikle og leie inkluderande kreative, trygge og helsefremmande læringsmiljø der opplæringa vert tilpassa elevane sine behov
Studenten
- Kan initiere til samarbeid og ivareta gode relasjonar med elevar og føresette.
- Engasjerer seg i endringsprosessar og kan bidra til fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
- Kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med grunnlag i teori og forsking
- Kan legge til rette for demokratisk deltaking og ivareta eit berekraftig perspektiv
Felles for alle årssteg:
Studentane vert delte i grupper på tre til fem studentar og vil vere på same praksisskule og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og oppfølgingslærar frå høgskulen der praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga.
I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar frå høgskulen får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis.
Fjerde studieår:
Fram til klasse- eller skuleovertakinga har studentane ordinær praksis i tillegg til at dei førebur seg til klasse- eller skuleovertaking i samarbeid med praksislærar og skuleleiing. Studentane tek del i skule-heim samarbeid og gjennomfører elevsamtalar for å få tak i eleven si oppleving av både undervisninga og skulekvardagen. Når det er skuleovertaking får nokre studentar ansvar for å vere leiarteam.
I fjerde studieår skal både planlegging og gjennomføring av undervisning grunngjevast i forskingsbaserte tilnærmingar, og studentane skal innta forskarblikket og utvikle sin forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksis. I tillegg får studentane kjennskap til korleis praksisskulen arbeider med utvikling og gjer seg nytte av resultat frå relevant forsking.
Vurdering:
Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med oppfølgingslærar frå høgskulen og rektor ved praksisskulen.
Studentane får:
- Skriftleg midtvegsvurdering
- Skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått
Rutiner for ikkje stått:
- Ved tvil nyttar praksislærar skjema for varsel om ikkje stått.
- Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar.
- Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten avbryte studiet
Det er obligatorisk frammøte til førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid kan føre til krav om kompensatorisk arbeid.
I tillegg skal studentane:
- Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas
- Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis
Sjå elles §6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | Pass / fail |