Semesters

MGL5-10PR4 Praksis 4, 30 dagar

Course code: 
MGL5-10PR4
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Praksis 4, 30 dagar
Teaching semester: 
2020 Autumn
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10PR3 Teaching practice 3, 30 days
Course content

Praksisstudiet i fjerde studieår (syklus 2) skal gi studentane ein meir inngåande kunnskap om læringsprosessar, skulen som organisasjon, tilrettelegging for læring av undervisningsfag på 5. – 10. trinn, og forskings- og utviklingsarbeid. Det vil vere tett kopling mellom masterfaget, Pedagogikk og elevkunnskap, og praksis.

Praksis på 30 dagar og er fordelt på to praksisperiodar, der hovudfokus er skulen som organisasjon og klasse- eller skuleovertaking. Minst 5 av dagane er via klasse- eller skuleovertaking på ein eller fleire av praksisskulane. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar. 

Det er ein føresetnad at både planlegginga av undervisninga og gjennomføringa av undervisninga skal grunngjevast i forskingsbaserte tilnærmingar. Både øvingslærar og studentane sine vurderingar av undervisninga skal gjerast ut frå systematiske observasjonar i klasseromma, og relaterast til relevant forskingsbasert kunnskap. I praksis i 4. studieåret må studentane også gjennomføre systematiske samtalar med elevane for å få tak i deira opplevingar og vurderingar av både undervisninga og skulen.
Studentane skal fagleg grunngje og prøve ut eiga lærarrolle, og dei vil ta aktiv del i skule-heim samarbeid.
 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen
  • har inngåande kunnskap om læringsprosessar og didaktisk tilrettelegging som fremjar inkluderande klasse- og læringsmiljø
  • har inngåande kunnskap om barns utvikling, læring og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og digitale kontekstar og om korleis kunnskapen kan nyttast for å tilpasse opplæringa til alle elevar sine forutsetninger og behov
  • har inngåande kunnskap om skulen som organisasjon, og skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet
Learning outcome skills

Studenten

  • kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderande kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø der opplæringa vert tilpassa elevane sine behov
  • kan gjennomføre profesjonsretta FoU-prosjekt i tråd med forskingsetiske normer
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan nytte kunnskapar og ferdigheiter til å involvere og bygge relasjonar til elevar og føresette
  • kan bidra til endringsprosessar og fagleg og pedagogisk nytenking i skulen og involvere lokalt samfunn, arbeids- og kulturliv i opplæringa
  • kan kritisk reflektere over eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking
  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid og stimulere til demokratisk deltaking
Working and learning activities

Praksis på 30 dagar er fordelt på to praksisperiodar; 15 dagar haust og 15 dagar vår.

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule. Minst 5 av dagane er via klasse- eller skuleovertaking på ein eller fleire av praksisskulane.

Før og etter kvar praksisperiode er det obligatoriske praksismøte med studentar, praksislærarar og faglærarar. 

Det blir gjennom arbeidskrav og andre oppgåver i praksis i fjerde studieår lagt vekt på at studentane skal utvikle sin forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksis og innta forskarblikket når dei er ute i skulen. Studentane skal få kunnskap om korleis praksiskulane arbeider med utvikling, og korleis skulane gjer seg nytte av resultat frå relevant forsking. Dei skal også få høve til å diskutere desse spørsmåla med både skuleleiing og lærarar på praksis-skulane. Der det er aktuelt kan det også opnast for at studentane kan bidra aktivt i endrings- og innovasjonsprosessar og utviklingsarbeid på praksisskulen. Dette vil skje i samarbeid med fagmiljøet på HVO, og være kopla opp mot innhaldet i masterfaget og Pedagogikk og elevkunnskap.
 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis.
 

Arbeidskrav:

Følgjande arbeidskrav skal vere gjennomførte og godkjente:

  1. Arbeidskrav etter første praksisperiode: Gruppevis refleksjonsnotat om erfaringar frå praksisperioden, med temaet «Studenten som rettleiar»
  2. Arbeidskrav etter andre praksisperiode: Individuell rapport om planlegging, gjennomføring og vurdering i undervisninga, basert på systematisk innsamla data i klasserommet, og relatert til relevant forskingsbasert kunnskap.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
 

Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Ivar Hagen
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Pass / fail
Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. Etter om lag 15 dagar i praksis skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.
Etter siste praksisperiode skal studenten ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått.
Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanningane.
Approval signature: 
Arne Myklebust