Semesters

MGL5-10PR4 Praksis 4, 30 dagar

Course code: 
MGL5-10PR4
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10PR3 Teaching practice 3, 30 days
Course content

Praksis 4 er på 30 dagar og er fordelt på to praksisperioder på mellom- eller ungdomssteget; 15 dagar i haustsemesteret og 15 dagar i vårsemesteret. 
I den siste perioden er ei veke sett av til klasse- eller skuleovertaking. 

Studentane skal utvikle ein meir inngåande kunnskap, og sentrale tema for praksisopplæringa er: 

  • Læreprosessar som fremmer inkluderande klasse- og læringsmiljø 
  • Tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen 
  • Skulen som organisasjon 
  • Forskings- og utviklingsarbeid ved praksisskulen 
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten 

  • Har inngåande kunnskap om tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremmer inkluderande klasse- og læringsmiljø 
  • Har inngåande kunnskap om barn og unge si utvikling, læring og danning i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar og korleis ein kan bruke kunnskap for å tilpasse opplæring til elevar sine føresetnader og behov 
  • Har inngåande kunnskap om skulen som organisasjon og skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet 
  • Har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar og gjeldande lovverk knytt til barn sine rettar 
  • Har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen 
Learning outcome skills

Studenten 

  • Kan bidra til å utvikle og leie inkluderande kreative, trygge og helsefremmande læringsmiljø der opplæringa vert tilpassa elevane sine behov 

Learning outcome qualification

Studenten 

  • Kan initiere til samarbeid og ivareta gode relasjonar med elevar og føresette. 
  • Engasjerer seg i endringsprosessar og kan bidra til fagleg og pedagogisk nytenking i skulen 
  • Kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med grunnlag i teori og forsking 
  • Kan legge til rette for demokratisk deltaking og ivareta eit berekraftig perspektiv 
Working and learning activities

Felles for alle årssteg: 

Studentane vert delte i grupper på tre til fem studentar, og dei er på same praksisskulen og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og oppfølgingslærar frå høgskulen der praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. Det blir nytta digitale rettleiingsverktøy i praksis. 

I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar frå høgskulen får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis. 

Fjerde studieår: 

Fram til klasse- eller skuleovertakinga har studentane ordinær praksis i tillegg til at dei førebur seg til klasse- eller skuleovertaking i samarbeid med praksislærar og skuleleiing. Studentane tek del i skule-heim samarbeid og gjennomfører elevsamtalar for å få tak i eleven si oppleving av både undervisninga og skulekvardagen. Når det er skuleovertaking får nokre studentar ansvar for å vere leiarteam.  

I fjerde studieår skal både planlegging og gjennomføring av undervisning grunngjevast i forskingsbaserte tilnærmingar, og studentane skal innta forskarblikket og utvikle sin forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksis. I tillegg får studentane kjennskap til korleis praksisskulen arbeider med utvikling og gjer seg nytte av resultat frå relevant forsking. 

Vurdering:

Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med oppfølgingslærar frå høgskulen og rektor ved praksisskulen. 
Studentane får: 

  • Skriftleg midtvegsvurdering etter haustpraksis
  • Skriftleg sluttvurdering etter vårpraksis med karakteren stått/ikkje stått

Rutiner for ikkje stått

  • Praksislærar nytter eige varselskjema ved fare for ikkje stått
  • Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar. 
  • Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten normalt avbryte studiet
Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid vil kunne føre til krav om kompensatorisk arbeid.  

I tillegg skal studentane: 

  • Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas 
  • Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda 

Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Ivar Hagen
Gunhild Verås Grimstad
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Pass / fail
Approval signature: 
Arne Myklebust