Semesters

MGL5-10SA3C Medborgarskap, danning og demokrati

Course code: 
MGL5-10SA3C
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10SA2B Perspectives on Social Science Didactics
Course content

I læreplanen for samfunnsfag i grunnskulen står det at samfunnsfaget er eit sentralt fag i arbeidet med å gjere elevane til deltakande og kritisk tenkande borgarar. Vidare er samfunnsfaget tildelt ei særleg rolle når det gjeld demokrati og medborgarskap som sentrale tema, og både demokratiforståing og deltaking og kritisk tenking er løfta fram i kjerneelementa for faget.  

Emnet bygger på teorigrunnlag frå statsvitskap, politisk og pedagogisk filosofi, med særleg vekt på demokratiteori, danningsteori og medborgarskapsteori. Fokus vil vere ulike former for demokrati og føresetnadar for politisk deltaking. Politisk sosialisering og politisk danning har utvikla seg over tid og blir utfordra av endra samfunnsvilkår. Endringar i notida stiller demokratiet overfor ulike utfordringar. Kunnskap om kva utfordringar det kan vere snakk om, og korleis dei kan handterast vil vere ein del av emnet. Historiske føresetnader for demokrati, medborgarskap og politisk danning er sentralt.

Emnet opnar for ei utvida forståing av samfunnsfaget som eit haldningsfag, der studentar og lærarar i fellesskap arbeider teoretisk og empirisk med overordna normer og verdiar som medborgarskap, demokrati og danning, men også med underordna tema som kritisk tenking, menneskerettar og menneskeverd. Ulike fagdidaktiske tilnærmingar i emnet vil ta opp samfunnsfaget si rolle som beredskapsfag i møte med utfordringar for demokratiet.  

Den forståinga for demokrati som studentane opparbeidar seg gjennom emnet, skal dei ta med seg inn i eiga forsking omkring samfunnsfaget som skulefag. Dei skal kunne undersøke og vurdere overordna fagdidaktiske problemstillingar og utviklinga av faget, så vel som eigen praksis innafor dei rammene læreplanverket gir. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har inngåande kunnskap om samfunnsfaget som skulefag, og om utviklinga og legitimeringa til faget
  • har god innsikt i demokratireoretiske perspektiv
  • har solid forståing av kva demokratisk deltaking er, korleis det har utvikla seg over tid, og av føresetnadene for slik deltaking. 
  • har inngåande forståing for samfunnsfaget si rolle for medborgarskap og demokrati
Learning outcome skills

Studenten

  • kan analysere faglege problemstillingar basert på kunnskap om lærarprofesjonen og samfunnsfaget sin eigenart, verdigrunnlag og historie, og bruke slik innsikt i undervisning, og forskings- og utviklingsarbeid
  • kan drøfte ulike perspektiv på faget si rolle og oppgåve i utdanning og for unge menneske som demokratiske samfunnsmedlemmar
  • kan bruke dialogbaserte undervisningsformer
  • kan analysere og kritisk vurdere samfunnsfaglege framstillingar, og særleg læreverk
  • kan bruke samfunnsfaglege teoriar og metodar i eiga forsking, undervisning og formidling
Learning outcome qualification

Studenten

  • har ei profesjonell haldning, og kan kritisk reflektere over og drøfte profesjonsetiske, samfunnsfaglege og utdanningspolitiske spørsmål
  • kan bruke avansert fagleg kunnskap og skjøn til å styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv, berekraftig utvikling og skulens demokratiske danningsoppdrag
  • kan bruke kunnskapar og sentrale teoriar frå geografi, historie og samfunnskunnskap til å formulere eigne problemstillingar og bidra til utvikling av skulefaget samfunnsfag
  • kan setje seg inn i faglege problemstillingar gjennom systematisk innhenting av forskingslitteratur 
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom seminar og arbeid i mindre grupper. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon, og det er ein føresetnad at alle studentar deltek aktivt i undervisninga.
 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal, som ein del av emnet, gjennomføre ei læremiddelanalyse over eit lærebokutdrag der tema demokrati og medborgarskap er sentralt i analysen. Teksta skal skrivast som ein fagtekst, og innehalde eit kunnskapsgrunnlag med utgangspunkt i pensum i emnet. Ytterlegere rammer for arbeidskravet vert gitt ved semesterstart.
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Elisabeth Teige
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
45 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Munnleg eksamen vil ta utgangspunkt i arbeidskrava i emnet.
Approval signature: 
Randi Bergem 27.02.2023