Semesters
MHE102 Mat i eit læringsperspektiv
Ingen.
Emnet er det andre av to i studieprogrammet Mat og helse 1 (1-10), og er eit vidareutdanningstilbod som skal førebu lærarar til å undervise i faget mat og helse i grunnskulen.
Studentane skal tileigne seg kunnskap om didaktikk i mat og helse, slik som planlegging, gjennomføring og vurdering av læringsarbeid.
Det vert lagt vekt på praktisk matlaging og andre elevaktive læringsformer. Emnet tek også for seg mat som identitets- og kulturuttrykk, og mat i eit etisk og berekraftig perspektiv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om ulike matvaregrupper og bearbeiding av mat
- ha kunnskap om fagets didaktikk og kunne bruke gjeldande styringsdokument som regulerer læringsarbeidet til faget mat og helse
- ha kunnskap om korleis didaktiske planleggingsmodellar kan brukast i undervisninga
- kjenne til ulike religiøse og kulturelle praksisar for mat og måltid
- ha kunnskap om smak og smaksutvikling
- kjenne til og tolke ulike merkeordningar for mat, og kunne drøfte berekraftig og etisk matforbruk
Studenten skal kunne:
- planlegge og lage trygg og innbydande mat i tråd med dei nasjonale kostråda
- anvende grunnleggande teknikkar i praktisk matlaging
- planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i mat og helse i samsvar med læreplanen og vurdere forskingsbasert kunnskap med relevans for faget
- lage mat med fokus på religiøst og kulturelt mangfald
- iverksette tiltak for berekraftig praksis på skulekjøkkenet
- skildre smaksopplevingar ved hjelp av sensoriske uttrykk
- leie læringsarbeidet i mat og helse gjennom differensierte og varierte undervisningsmetodar og grunngje faglege og didaktiske val
Studenten skal kunne:
- drøfte omgrepet matdanning og bruke faget mat og helse som læringsmiljø og danningsarena
- reflektere over og utvikle eigen profesjonalitet som lærar i mat og helse, og ha innsikt i fag- og profesjonsetiske problemstillingar
- konkretiserte og integrere mål frå mat- og helsefaget i tverrfaglege tema
Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar på nett, praktisk arbeid i kjøkken på høgskulen og heime, studentstyrte leksjonar og presentasjonar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium.
Det er obligatorisk oppmøte til alle læringsaktivitetar med fysisk frammøte, og alle arbeidskrav må vere godkjente før framstilling til eksamen, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studentane skal gjennomføre fem arbeidskrav.
- Fagdidaktisk oppgåve, undervisningsplanlegging i mat og helse (individuell)
- Plan og demonstrasjon om bruk av restemat (gruppearbeid)
- Plan for praktisk undervisning om mat, måltid og religion frå andre kulturar (gruppearbeid)
- Logg frå praktiske leksjonar på kjøkkenet (individuell)
- Rapportar frå forsøk på kjøkkenet (individuelle)
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i Canvas og i semesterplanen
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 1000,-
- Food and health (Home Economics) 1, Grade 1-10
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 25 Minutes | Pass / fail | 100 | Praktisk-teoretisk eksamen. Eksamen vert gjennomført individuelt og varer i om lag 25 minutt per student. |