Semesters

MHE102 Mat i eit læringsperspektiv

Course code: 
MHE102
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet er det andre av to i studieprogrammet Mat og helse 1 (1-10), og er eit vidareutdanningstilbod som skal førebu lærarar til å undervise i faget mat og helse i grunnskulen.

Studentane skal tileigne seg kunnskap om didaktikk i mat og helse, slik som planlegging, gjennomføring og vurdering av læringsarbeid.

Det vert lagt vekt på praktisk matlaging og andre elevaktive læringsformer. Emnet tek også for seg mat som identitets- og kulturuttrykk, og mat i eit etisk og berekraftig perspektiv.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten skal:

  • ha kunnskap om ulike matvaregrupper og bearbeiding av mat
  • ha kunnskap om fagets didaktikk og kunne bruke gjeldande styringsdokument som regulerer læringsarbeidet til faget mat og helse
  • ha kunnskap om korleis didaktiske planleggingsmodellar kan brukast i undervisninga
  • kjenne til ulike religiøse og kulturelle praksisar for mat og måltid
  • ha kunnskap om smak og smaksutvikling
  • kjenne til og tolke ulike merkeordningar for mat, og kunne drøfte berekraftig og etisk matforbruk
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • planlegge og lage trygg og innbydande mat i tråd med dei nasjonale kostråda
  • anvende grunnleggande teknikkar i praktisk matlaging
  • planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i mat og helse i samsvar med læreplanen og vurdere forskingsbasert kunnskap med relevans for faget
  • lage mat med fokus på religiøst og kulturelt mangfald
  • iverksette tiltak for berekraftig praksis på skulekjøkkenet
  • skildre smaksopplevingar ved hjelp av sensoriske uttrykk
  • leie læringsarbeidet i mat og helse gjennom differensierte og varierte undervisningsmetodar og grunngje faglege og didaktiske val
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne:

  • drøfte omgrepet matdanning og bruke faget mat og helse som læringsmiljø og danningsarena
  • reflektere over og utvikle eigen profesjonalitet som lærar i mat og helse, og ha innsikt i fag- og profesjonsetiske problemstillingar
  • konkretiserte og integrere mål frå mat- og helsefaget i tverrfaglege tema
Working and learning activities

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar på nett, praktisk arbeid i kjøkken på høgskulen og heime, studentstyrte leksjonar og presentasjonar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium.

Assessment requirements

Det er obligatorisk oppmøte til alle læringsaktivitetar med fysisk frammøte, og alle arbeidskrav må vere godkjente før framstilling til eksamen, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6.

Studentane skal gjennomføre fem arbeidskrav.

  • Fagdidaktisk oppgåve, undervisningsplanlegging i mat og helse (individuell)
  • Plan og demonstrasjon om bruk av restemat (gruppearbeid)
  • Plan for praktisk undervisning om mat, måltid og religion frå andre kulturar (gruppearbeid)
  • Logg frå praktiske leksjonar på kjøkkenet (individuell)
  • Rapportar frå forsøk på kjøkkenet (individuelle)

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i Canvas og i semesterplanen

Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Kari Ryslett
Expenses

Kr. 1000,-

Used in other programs
  • Food and health (Home Economics) 1, Grade 1-10
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
25 Minutes
Pass / fail
100
Praktisk-teoretisk eksamen. Eksamen vert gjennomført individuelt og varer i om lag 25 minutt per student.
Approval signature: 
Arne Myklebust