Semesters
MNT202 Mentorutdanning 2
Innhaldet i emne MNT 202 omhandlar ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing som utgangspunkt for kompetanseutvikling. Tema kommunikasjon, samspel og dilemma knytte til etikk, autoritet og makt i rettleiing vert vidareført frå MNT 201. Studiet har eit særleg fokus på yrkesrolla i barnehage og skule, og perspektiv på endring både av yrkesrolle, organisasjon og samfunn. Utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap er også sentralt. Studiet rettar seg inn mot kollektive læringsprosessar og nyttar nasjonal og internasjonal forsking knytt til rettleiing som grunnlag for undervisning. Emne MNT 202 (15 studiepoeng) bygger på emne MNT 201 Mentorutdanning 1 (15 studiepoeng).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
• studentar og nyutdanna, nytilsette lærarar sine vilkår og utfordringar i barnehage og skule
• rettleiing av nyutdanna i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
• etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrket
• rettleiing som grunnlag for læring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
Studenten skal kunne:
• nytte forskingsbasert kunnskap om barnehage og skule i rettleiingssamanheng
• planlegge, gjennomføre og analysere rettleiing ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv
• støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
Generelt skal studenten:
- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i barnehage og skule
- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
- kunne støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer i deira læring og deltaking i kollektive læringsprosessar
- kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar og gjennom dette medverke til utvikling av kvalitativt god praksis
I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet gjer nytte av dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og kunnskapar som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Emnet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i skule og barnehage. Det er til saman tre obligatoriske todagarssamlingar på høgskulen. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som førelesning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. I tillegg vert det gjennomført førelesingar og rettleiing på Adobe Connect, tilsvarande to undervisningsdagar. Dette føreset at studentane har tilgang til nødvendig datautstyr og internett. Mellom samlingane vil det vere rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.
Undervegsvurdering:
Vurdering er ein sentral del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå lærarane på studiet og medstudentar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.
- deltaking på tre todagarssamlingar
- deltaking på undervisning og rettleiing i Adobe Connect
- deltaking på fire samlingar i nettverksgrupper
- innlevering av dokumentasjon i form av ei gruppeoppgåve basert på eit pedagogisk utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass. Arbeidskravet er eit første steg mot avsluttande eksamen. Oppgåva skal munne ut i ei problemstilling som skal arbeidast vidare med i den endelege eksamensoppgåva (sjå punktet Vurdering og eksamen). Problemstillinga skal godkjennast av faglærar. Studentane får rettleiing på oppgåva av faglærar frå høgskulen og får tilbakemeldingar frå medstudentar. Oppgåva skal vere på maksimum 4000 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
På samlingane skjer det ei kontinuerleg evaluering av studiet knytt til mål og innhald. Det blir gjennomført munnleg evaluering etter kvar samling og skriftleg evaluering ved slutten av studiet. Det skal vere ekstern sensur av eksamen. Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Mentoring 2
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Group | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Oppgåva er ein metatekst basert på oppgåveteksta studentane har levert som arbeidskrav | Gruppeoppgåve på minimum 4000 ord, maksimum 5000 ord. |