Semesters

MOK101 Marknad og samfunn

Course code: 
MOK101
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet gjev studentane grunnleggande innsikt i kva marknader er, korleis marknadar fungerer og korleis marknader påverkar og vert påverka av samfunnet rundt. Emnet gjer greie for sentrale teoriar om korleis ulike typar marknadar fungerer, korleis føretak, styresmakter og andre aktørar opptrer i marknadar, samt korleis reguleringa av marknadar kan påverke verdiskapninga og fordelinga av gode i samfunnet. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha kunnskap om kva marknadar er og korleis dei fungerer 
  • kjenne til hovudpoenga i neoklassisk økonomisk teori og kritikk mot dette perspektivet
  • kjenne omgrepa "perfekt marknad", marknadsimperfeksjonar, eksternalitetar, oligopol og monopol
  • kjenne til sosiologiske teoriar om føretaka sine relasjonar til omgjevnadene og kvarandre
  • kjenne til marknadsreguleringar, korleis dei vert tekne i bruk og korleis dei fungerer  
  • kjenne til ulike teoriar om korleis konkurranse går føre seg
Learning outcome skills

Kandidaten skal

  • kunne nytte dei kunnskapane som er nemnde over i faglege diskusjonar
  • kunne reflektere over dei kunnskapane som er nemnde i skriftlig form og nytte dei på konkrete døme
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Working and learning activities

Førelesningar og seminar.

Assessment requirements

Studentane skal i løpet av emnet levere ei obligatorisk oppgåve og presentere denne for klassen. Arbeidskravet vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Rammer og krav for oppgåva vert gjeve i starten av semesteret. I samband med oppgåva vert det arrangert arbeidsgrupper. Frammøte i arbeidsgruppene og oppgåvegjennomgangen er obligatorisk.

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Lars Julius Halvorsen
Used in other programs
  • PR, Communication and Media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Lengde er 1 200-1 500 ord. Vedlegg og referanseliste kjem i tillegg.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 21.03.20