Semesters
MOK101 Marknad og samfunn
Ingen
Emnet gjev studentane grunnleggande innsikt i kva marknader er, korleis marknadar fungerer og korleis marknader påverkar og vert påverka av samfunnet rundt. Emnet gjer greie for sentrale teoriar om korleis ulike typar marknadar fungerer, korleis føretak, styresmakter og andre aktørar opptrer i marknadar, samt korleis reguleringa av marknadar kan påverke verdiskapninga og fordelinga av gode i samfunnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kunnskap om kva marknadar er og korleis dei fungerer
- kjenne til hovudpoenga i neoklassisk økonomisk teori og kritikk mot dette perspektivet
- kjenne omgrepa "perfekt marknad", marknadsimperfeksjonar, eksternalitetar, oligopol og monopol
- kjenne til sosiologiske teoriar om føretaka sine relasjonar til omgjevnadene og kvarandre
- kjenne til marknadsreguleringar, korleis dei vert tekne i bruk og korleis dei fungerer
- kjenne til ulike teoriar om korleis konkurranse går føre seg
Kandidaten skal
- kunne nytte dei kunnskapane som er nemnde over i faglege diskusjonar
- kunne reflektere over dei kunnskapane som er nemnde i skriftlig form og nytte dei på konkrete døme
Studenten skal
- kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Førelesningar og seminar.
Studentane skal i løpet av emnet levere ei obligatorisk oppgåve og presentere denne for klassen. Arbeidskravet vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Rammer og krav for oppgåva vert gjeve i starten av semesteret. I samband med oppgåva vert det arrangert arbeidsgrupper. Frammøte i arbeidsgruppene og oppgåvegjennomgangen er obligatorisk.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Lengde er 1 200-1 500 ord. Vedlegg og referanseliste kjem i tillegg. |