Semesters

MUS102 Musikk i barneskulen

Course code: 
MUS102
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

MUS102 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldersgruppa 6 - 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Praksis i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

* Musikalsk utvikling, den musikalske kulturarven, sentrale metodiske metodar.

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • musikalsk utvikling og uttrykk hjå barn
  • den musikalske kulturarven
  • musikk som samfunnsfenomen
  • musikk som pedagogisk reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
  • sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
  • gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • nytte aktivitetsformene musikkutøving, komponering og lytting i ein pedagogisk samanheng med barn.
  • nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i grunnskulen og i andre samanhengar, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnader.
  • planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og treffe og grunngje faglege val.
  • reflektere over eigen dugleik innan utøving og pedagogisk praksis.
  • arrangere og legge til rette musikalsk materiale med tanke på song/samspel i ulike ensemble.
Learning outcome qualification

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Working and learning activities

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.Undervisninga vert organisert som veksling mellom førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid, praktisk/metodisk utprøving og skapande verksemd.

Det vert arrangert ei veke musikkdidaktisk praksis i grunnskulen og studietur til Ole Bull Akademiet på Voss.

Assessment requirements
  • Obligatorisk deltaking på studieturen til Voss. Studentar som ikkje har høve til å delta på turen må søke om eit alternativt opplegg. Som alternativ til å reise på studietur må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til denne samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav. 
  • Praktisk/munnleg gruppeoppgåve i musikkutøving, som gjeld instruksjon og leiing.
  • Obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar med skulen sitt kor og/eller orkester.
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Svein Ole Hunnes
Expenses

Utgifter: studentane må sjølv syte for transport til og frå turen til Voss, samt dekke økonomiske utgifter til opphaldet.

 

Used in other programs
  • Music - bachelor
  • Music - year course
  • Music Teaching for Children and Adolescents
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Group
3 Days
Pass / fail
Ein samla, praktisk/munnleg gruppeeksamen i hovudområda musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Individuell vurdering.
Approval signature: 
Aud Folkestad