Semesters
MUS102 Musikk for barn og unge 1
Ingen
MUS102 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir fagleg kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldersgruppa 6 - 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet. Emnet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- musikalsk utvikling og uttrykk hjå barn
- den musikalske kulturarven
- musikk som samfunnsfenomen
- musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
- sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
Studenten kan:
- nytte aktivitetsformene musikkutøving, komponering og lytting i arbeidet med barn
- nytte ulike metodar og verkty som har relevans i arbeid med barn og unge, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til borna sine føresetnader
- planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og treffe og grunngje faglege val
- reflektere over eigen dugleik innan utøving og praksis
- arrangere og legge til rette musikalsk materiale med tanke på song/samspel i ulike ensemble
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Undervisninga vert organisert som veksling mellom førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid, praktisk/metodisk utprøving og skapande verksemd.
- Ei veke med undervisning i folkemusikk og -dans er lagt til Ole Bull Akademiet på Voss. Studentane må dekkje 350.- i kostpengar i tillegg til eigne reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.
- Praktisk/munnleg gruppeoppgåve i musikkutøving, som gjeld instruksjon og leiing.
- Obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar med skulen sitt kor og/eller orkester.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Music - bachelor
- Music - year course
- Music, freestanding courses
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Group | 3 Days | Pass / fail | Ein praktisk/munnleg gruppeeksamen i hovudområda musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Individuell vurdering. |