Semesters

MUS105 Musikkteknologi 1

Course code: 
MUS105
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. Bachelorstudentar i musikk (2. eller 3. år) har førsterett på plassane, deretter studentar i 2. eller 3. året frå andre studier ved Avdeling for kulturfag.

Course content

Musikkteknologi 1 kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som støttefag i andre bachelorgradar ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Emnet gir ei innføring i lydproduksjon og grunnleggande kompetanse for å kunne nytte musikkteknologi i arbeid med musikk i grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Studentane skal ha kunnskapar og ferdigheiter i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for lydredigering frå ei tilretteleggingsfase med opptak og nedmiks til ferdig produkt.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskapar om:

• sentrale utviklingstrekk innan lydteknologifeltet

• grunnleggande prinsipp for akustikk i samband med lydproduksjon

• PA-anlegg, mikrofonar og mikrofonteknikk

• opptak og redigering av lyd og musikk, stereo- og fleirsporsteknikk og harddiskopptak

• internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi og som publiseringskanal

 

Learning outcome skills

Studenten kan:

• velje, plassere og bruke mikrofonar i studio og live-situasjonar

• sette opp og kople eit standard lydanlegg

• beherske hovudfunksjonane i eit standard miksebord

• beherske hovudfunksjonane i eit lydredigeringsprogram

• gjere digitale fleirspors lydopptak

• mikse ned eit fleirspors opptak til stereo

• konvertere lydfiler mellom ulike format

• publisere lyd til ulike media (CD / DVD / nett / osv.)

Learning outcome qualification

Studenten skal kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Working and learning activities

Det blir lagd opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling og studenten publiserer sine oppgåvesvar i arbeidsmapper på nettet.

Assessment requirements

Arbeidskrav

Studentane skal i grupper ta ansvar for live lydproduksjon og opptak av ein konsert /framføring i Høgskulen sin regi og gjere opptaket klart til publisering.

Arbeidsmappe

Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom innleveringar til ei arbeidsmappe. Semesterplanen vil innehalde ei oversikt over obligatoriske innleveringar som skal leggast i arbeidsmappa.

Forprøve 1 - Praktisk prøve (5 timar) i redigering av eit gitt fleirspors opptak. Kandidaten skal redigere / mikse opptaket og gjere det klart til publisering.

Forprøve 2 - Praktisk prøve i rigging og kopling av eit PA-anlegg.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
24
Person in charge: 
Leif Magne Barmen
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
Pass / fail
Mappeeksamen: Eitt av arbeida i arbeidsmappa blir trekt ut til vurdering og eksamen.