Semesters
MUS105 Musikkteknologi 1
Ingen. Bachelorstudentar i musikk (2. eller 3. år) har førsterett på plassane, deretter studentar i 2. eller 3. året frå andre studium ved Avdeling for kulturfag.
Musikkteknologi 1 kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som støttefag i andre bachelorgradar ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Emnet gir ei innføring i lydproduksjon og grunnleggande kompetanse for å kunne nytte musikkteknologi i arbeid med musikk i grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Studentane skal ha kunnskapar og ferdigheiter i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for lydredigering frå ei tilretteleggingsfase med opptak og nedmiks til ferdig produkt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskapar om:
• sentrale utviklingstrekk innan lydteknologifeltet
• grunnleggande prinsipp for akustikk i samband med lydproduksjon
• PA-anlegg, mikrofonar og mikrofonteknikk
• opptak og redigering av lyd og musikk, stereo- og fleirsporsteknikk og harddiskopptak
• enkel notasjon
• internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi og som publiseringskanal
Studenten kan:
• velje, plassere og bruke mikrofonar i studio og live-situasjonar
• sette opp og kople eit standard lydanlegg
• beherske hovudfunksjonane i eit standard miksebord
• beherske hovudfunksjonane i eit lydredigeringsprogram
• gjere digitale fleirspors lydopptak
• mikse ned eit fleirspors opptak til stereo
• konvertere lydfiler mellom ulike format
• publisere lyd til ulike media (CD / DVD / nett / osv.)
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Det blir lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling og studenten publiserer sine oppgåvesvar i arbeidsmapper på nettet.
Arbeidskrav
Studentane skal i grupper ta ansvar for live lydproduksjon og opptak av ein konsert /framføring i Høgskulen sin regi og gjere opptaket klart til publisering.
Arbeidsmappe
Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom innleveringar til ei arbeidsmappe. Semesterplanen vil innehalde ei oversikt over obligatoriske innleveringar som skal leggast i arbeidsmappa.
Forprøve 1 - Praktisk prøve (5 timar) i redigering av eit gitt fleirspors opptak. Kandidaten skal redigere / mikse opptaket og gjere det klart til publisering.
Forprøve 2 - Praktisk prøve i rigging og kopling av eit PA-anlegg.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Mappeeksamen: Eitt av arbeida i arbeidsmappa blir trekt ut til vurdering og eksamen. | A-F |