Semesters
MUS213 Musikkteknologi 2
Bøker:
Husø, Nilsen, Strømsodd (2012): Lydproduksjoner. Oslo: GAN Aschehoug. 978-82-492-1540-9
Cook, Frank D. (2013): Pro Tools 101: An Introduction to Pro Tools 101. Avid Technology. ISBN-13: 978-1-943446-10-0
Huber, David Miles (2014): Modern Recording techniques 8TH Edition. Focal Press.
Programvare for lydinnspeling / redigering: Pro Tools
Programvare for notasjon / redigering: Sibelius
Sibelius brukarmanual: Denne er tilgjengeleg elektronisk frå programmet.
Elektroniske ressursar (tilgjengeleg online frå biblioteket):
Pro Tools brukarmanual: Denne er tilgjengelege elektronisk frå programmet.
MUS101, MUS103 og MUS105.
Emnet Musikkteknologi 2 byggjer på Musikkteknologi 1 (MUS105) og gir kompetanse i å nytte studiorelatert musikkteknologi i arbeid med musikk i grunnskule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar, kulturliv og privat næring. Studentane skal ha kunnskapar og ferdigheiter i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for notasjon og lydredigering - frå ei tilretteleggjingsfase med komponering / arrangering / notasjon, via innstudering og framføring, opptak og nedmiks til ferdig produkt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskapar om:
- sentrale teknikkar innan sekvensering og notasjon
- opptak, redigering og nedmiks av musikk, tospors- og fleirsporsteknikk og harddiskopptak
- bruk av musikkteknologi i utøvande musikk
- internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi
Studenten kan:
- lage partitur og enkelt-stemmer for ensemble med minst åtte stemmer / staver
- spele inn / produsere lydfiler til øvingsbruk (play-/singalong, music minus one)
- gjere digitale to- og fleirspors lydopptak
- mikse ned eit fleirspors opptak til to spor stereo
- beherske hovudfunksjonane i eit lydredigeringsprogram
- konvertere lydfiler (wav) til ulike mp3-format
- overføre lydfiler til CD / DVD / nett
Studenten skal kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Organiseringa vil veksle mellom større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil vere førelesingar/studentføredrag, verkstadarbeid, presentasjonar, arbeid i grupper og individuelt. Emnet set store krav til sjølvstendig arbeid. Ein stor del av litteratur og terminologi er på engelsk.
Arbeidskrav
Arbeidsmappe:
Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom innleveringar til ei arbeidsmappe. Semesterplanen vil innehalde ei oversikt over obligatoriske innleveringar som skal leggast i arbeidsmappa.
- Eitt individuelt arbeid i sekvensering og notasjon med partitur og enkeltstemmer.
- Eitt HVO-relatert opptak og nedmiks. Nedmiks skal vere individuell.
- Ein individuell studioproduksjon som bygger på eit eit eige arrangement. Sluttproduktet skal vere på minst 8 spor og ha ei spelelengd på 3 til 5 minutt.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Music
- Music - bachelor
- Music, second one-year unit
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |