Semesters
MUS213 Musikkteknologi 2
Musikk årsstudium og MUS105
Emnet Musikkteknologi 2 byggjer på Musikkteknologi 1 (MUS105) og gir kompetanse i å nytte studiorelatert musikkteknologi i arbeid med musikk i grunnskule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar, kulturliv og privat næring. Studentane skal ha kunnskapar og ferdigheiter i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for lydredigering - frå ei tilretteleggjingsfase med komponering / arrangering, via innstudering og framføring, opptak og nedmiks til ferdig produkt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskapar om:
- sentrale teknikkar innan sekvensering.
- opptak, redigering og nedmiks av musikk, tospors- og fleirsporsteknikk og harddiskopptak
- bruk av musikkteknologi i utøvande musikk
- internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi
Studenten kan:
- lage arrangement med enkelt-stemmer for ensemble med minst åtte spor
- spele inn / produsere lydfiler til øvingsbruk (play-/singalong, music minus one)
- gjere digitale to- og fleirspors lydopptak
- mikse ned eit fleirspors opptak til eitt stereospor
- beherske hovudfunksjonane i eit lydredigeringsprogram
- konvertere lydfiler (wav) til ulike mp3-format
- overføre lydfiler til ulike medium
Studenten skal kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Organiseringa vil veksle mellom større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil vere førelesingar/studentføredrag, verkstadarbeid, presentasjonar, arbeid i grupper og individuelt. Digital undervisning er mulig undervisningsform. Emnet set store krav til sjølvstendig arbeid. Ein stor del av litteratur og terminologi er på engelsk.
Arbeidskrav
Arbeidsmappe:
Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom 3 innleveringar til ei arbeidsmappe.
- Ein individuel produksjon av øvings-filer (musikk minus 1) / playback til ein gitt melodi.
- Eitt HVO-relatert opptak og nedmiks. Nedmiks skal vere individuell.
- Ein individuell studioproduksjon som bygger på eit eit eige arrangement. Sluttproduktet skal vere på minst 8 spor og ha ei spelelengd på 3 til 5 minutt. Arbeidet skal vise bruk av ulike plug-ins. Produksjonen skal dokumenterast med ein logg der framgangsmåte blir skildra.
Alle arbeid skal produserast på, og blir vurdert i forhold til, musikkseksjonen sin utstyrspark.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail |