Semesters
NO102N Språket som kultur
Ingen.
Språket som kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk) og som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur.
Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
- TP1: Talemål og sosiolingvistikk
- TP2: Skriftkultur og språkhistorie
- TP3: Tekstteori og pragmatikk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggande kunnskap om
- norsk (nordisk) språk i fortid og notid
- språkbruk (pragmatikk) og språkleg (sosial, geografisk og individuell) variasjon
- historiske og sosiale språkendringar
Studenten er i stand til å forstå og analysere språk og tekstar i sosial, kulturell og historisk kontekst.
Studenten
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- har solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
- har ei første innsikt i vitskapleg metode
Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 1800 ord innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Godkjenningsoppgåva skal skrivast på nynorsk.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Norwegian year course
- Norwegian year course, part time
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 2 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 1/3 | Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på nynorsk. | ||
Home exam | Individual | 7 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 2/3 | Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på nynorsk. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. | Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta. |