Semesters
NO102N Språket som kultur
Ingen.
Språket som kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk) og som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur.
Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
- TP1: Talemål og sosiolingvistikk
- TP2: Skriftkultur og språkhistorie
- TP3: Tekstteori og pragmatikk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggande kunnskap om
- norsk (nordisk) språk i fortid og notid
- språkbruk (pragmatikk) og språkleg (sosial, geografisk og individuell) variasjon
- historiske og sosiale språkendringar
- samiske språk og nasjonale minoritetsspråk i Noreg
Studenten er i stand til å forstå og analysere språk og tekstar i sosial, kulturell og historisk kontekst.
Studenten
- kan skrive tekstar på korrekt nynorsk og korrekturlese tekstar på nynorsk
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademiske tekstar, med klar struktur og korrekt bruk av kjelder
Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
Studenten skal levere individuelle arbeidskrav. Studenten skal levere ei oppgåve av eit nærare fastsett omfang innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny og forbetra versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på nynorsk.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- History - bachelor (net-based)
- Norwegian year course
- Norwegian year course, part time
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 1/3 | Kortsvarsprøve. Nettbasert. Svaret skal skrivast på nynorsk. | Alle | |
Digital examination | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 2/3 | Langsvarsprøve. Nettbasert. Svaret skal skrivast på nynorsk. | Alle |