Semesters
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
NO111S Språket som struktur
Ingen.
Språket som struktur gir ei innføring i språksystemet i norsk, frå dei minste byggesteinane, språklydane, til strukturen i ord og setningar. Studentane lærer eit omgrepsapparat for å beskrive språksystemet vitskapleg, og å nytte omgrepsapparatet i analyse av lydar, ord og setningar. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
TP1: Morfologi og semantikk
TP2: Syntaks
TP3: Fonetikk og fonologi
Språket som struktur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur og som fritt emne i andre bachelorløp.Språket som struktur er eit basisemne i Norsk (Nordisk) årsstudium og bør takast som første språkemne i årsstudiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- forstår omgrep som blir brukte for å beskrive språksystemet vitskapleg
- har brei kunnskap om norske språklydar (fonetikk) og lydsystem (fonologi)
- har brei kunnskap om norsk ordstruktur, bøying og orddanning (morfologi)
- har brei kunnskap om norske setningsstrukturar (syntaks)
Studenten
- kan identifisere språkvitskaplege kategoriar i norske språklydar, ord og setningar
- kan beskrive norske språklydar, ord og setningar ved hjelp av språkvitskaplege kategoriar
- meistrar IPA-teikna for norske språklydar
- kan analysere strukturen til norske ord
- kan analysere strukturen til norske setningar
Studenten
- kan skrive tekstar på korrekt bokmål og korrekturlese tekstar på bokmål
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademiske tektstar, med klar struktur og korrekt bruk av kjelder
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to og ein halv dag, med seks timar undervisning dei to første dagane og tre timar analyseøving den tredje dagen. I tillegg kjem ei oppsummeringssamling på éin dag.
Studenten skal levere individuelle arbeidskrav. Studenten skal levere ei oppgåve av eit nærare fastsett omfang innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny og forbetra versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på bokmål.
Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- History - bachelor
- Language and Literature - bachelor
- Norwegian (Nordic) Foundation Course
- Norwegian (Nordic) Foundation Course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Nettbasert. Skrivast på bokmål. |