Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
NO111S Språket som struktur
Ingen.
Språket som struktur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur og som fritt emne i andre bachelorløp. Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkstruktur og språkanalyse. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
TP1: Fonetikk og fonologi
TP2: Morfologi og semantikk
TP3: Syntaks
Språket som struktur er eit basisemne i Norsk (Nordisk) årsstudium og bør takast som første språkemne i årsstudiet.
-
Studenten har grunnleggjande kunnskap om
- norsk (nordisk) språk
- språkstruktur og grammatikk.
Studenten er i stand til å forstå og analysere språkets lydlege og grammatiske strukturar.
Studenten
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- har solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
- har ei første innsikt i vitskapleg metode
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, og ei oppsummeringssamling på ein dag, med seks timar undervisning kvar dag. I tillegg kjem oppgåveskriving med tilbakemelding frå faglærar mellom samlingane. Det blir lagt ut fagstoff av ymse slag i Fronter, men ikkje nettleksjonar.
Studenten skal levere eit individuelt arbeid på om lag 1600 ord (godkjenningsoppgåve) i kvart av dei tre tyngdepunkta innan ein fastsett frist. Alle godkjenningsoppgåvene skal skrivast på bokmål. Det er ikkje obligatorisk frammøte på samlingane, men vi tilrår sterkt at studentane får med seg alle dei fire samlingane.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 2 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 33,33 | Ei individuell kortsvarsprøve. Oppgåva kan gå på tvers av tyngdepunkta. Eksamen skal skrivast på bokmål. | ||
Home exam | Individual | 7 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 66,66 | Oppgåva kan gå på tvers av tyngdepunkta. Eksamen skal skrivast på bokmål. | Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord. |