Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
NO111S Språket som struktur
Ingen.
Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkstruktur og språkanalyse. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
TP1: Morfologi og semantikk
TP2: Syntaks
TP3: Fonetikk og fonologi
Språket som struktur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur og som fritt emne i andre bachelorløp.Språket som struktur er eit basisemne i Norsk (Nordisk) årsstudium og bør takast som første språkemne i årsstudiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggande kunnskap om
- norsk (nordisk) språk
- språkstruktur og grammatikk
Studenten er i stand til å forstå og analysere språkets lydlege og grammatiske strukturar.
Studenten
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- har solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
- har ei første innsikt i vitskapleg metode
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.
Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 1800 ord innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Godkjenningsoppgåva skal skrivast på bokmål.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor in Religious Studies and Languages
- Language and Literature - bachelor
- Norwegian (Nordic) Foundation Course
- Norwegian (Nordic) Foundation Course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 2 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 1/3 | Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på bokmål. | ||
Home exam | Individual | 7 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 2/3 | Digital eksamen. Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på bokmål. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. | Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta. |