Semesters

NO113S Tekst og struktur

Course code: 
NO113S
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Autumn
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Tekst og struktur gir studenten ei grunnleggjande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i tekstanalyse. Pensum er sett saman av eit utval litterære tekstar, litteraturhistorie, litteraturteori og analysemetode. Emnet har tre tyngdepunkt:

TP1: Lyrikk

TP2: Epikk

TP3: Dramatikk

Tekst og struktur er eit basisemne som bør takast som første litterære emne. Emnet kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av programmet Bachelor i språk og litteratur, som fritt emne i andre bachelorløp og som del av Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Studenten har grunnleggande kunnskap om

  • sentrale kjennteikn ved ein litterær tekst
  • dei litterære hovudsjangrane
Learning outcome skills

Studenten

  • er kjend med sentrale metodiske omgrep og kan bruke desse i praktisk tekstanalyse
  • kan utforme analysar i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling
Learning outcome qualification

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjenske, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Working and learning activities

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.

Assessment requirements

Studenten skal levere individuelle arbeidskrav. Studenten skal levere ei oppgåve av eit nærare fastsett omfang innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny og forbetra versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på nynorsk. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.

Evaluation system
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Beatrice Reed
Used in other programs
  • Bachelor in religious studies
  • History - bachelor
  • Language and Literature - bachelor
  • Norwegian (Nordic) Foundation Course
  • Norwegian (Nordic) Foundation Course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital examination
Individual
2 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3
 Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på nynorsk.
Home exam
Individual
7 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
2/3
Digital eksamen. Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på nynorsk.
Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.
Approval signature: 
Arne Myklebust