Semesters

NO121 Nynorsk i opplæringa 1

Course code: 
NO121
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
Assessment semester: 
2017 Autumn
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Er du interessert i nynorsk og nynorskopplæring? Nynorsk i opplæringa 1 er retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om: 

  • den norske språksituasjonen i dag, nynorsk språk, litteratur og kultur
  • rettings- og rettleiingsstrategiar i elevtekster på nynorsk 
  • relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • utvikle og legge til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa 
  • leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekster i opplæringa
Learning outcome qualification

Studenten skal:

  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving-
  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald-
  • nyttiggjere seg IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
Working and learning activities

Nynorsk i opplæringa 1 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling.

Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre delemne som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som vert lagde i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.

Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Nettleksjonane, som er skriftlege utdjupingar og kommentarar, er også pensum. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre. Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling, og der nettbaserte diskusjonsgrupper, e-post og vevtenester står sentralt. 

Assessment requirements

Til kvart hovudemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.

Til kvart hovudemne må studenten:

  • skrive to refleksjonstekster på 1-2 sider og gje respons til medstudentar, til saman 6 refleksjonstekster og 6 responstekster til medstudentar.
  • skrive ei godkjenningstekst, på ca. 1600 ord, til kvart hovudemne, til saman 3 godkjenningstekster. Minst ei av fagtekstene skal ha eit didaktisk perspektiv. Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.

          For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere oppfylte.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Costs

Ingen

Used in other programs
  • New Norwegian in education, Grades 1-13
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (ca. 1600 ord - 4-siders oppgåve) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (ca. 4000 ord - 8 sider). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.
Eksamensoppgåve på ca. 4000 ord - 8 sider