Semesters

NO207 Tekstar, språksystem og retorikk

Course code: 
NO207
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
NO111S Language and structure
NO112S Language and culture
NO113S Text and structure
NO114S Text and culture
Required prerequisite knowledge

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO111S,  NO112S og anten NO113S eller NO114S.

Course content

Emnet gjev ei fordjuping i funksjonelle tilnærmingar til verbalspråklege tekstar og til språksystemet som ligg til grunn for tekstane. Det blir lagt vekt på korleis meining blir skapt og kommunisert, og på korleis vi med ulike val frå språksystemet skapar ulike bilete av verkelegheita. Kjernen i emnet er ei innføring i systemisk-funksjonell lingvistikk (SFL), som legg stor vekt nettopp på korleis tekstar blir til gjennom meiningsfulle val. I SFL spør ein ikkje først og fremst kva språk er, men kva språket kan brukast til, og tyding og funksjon er heile tida i sentrum for dei språklege analysane. Studenten får òg ei innføring i moderne retorisk teori, med vekt på effektiv og overtydande kommunikasjon. Emnet gjev dermed solide verktøy for å analysere tekstar i ulike kontekstar og på ulike nivå, i samfunn, skule og utdanning.

Emnet kan, saman med eit litteraturemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast separat, saman med eit anna språkemne (NO201, Nynorsk skriftkultur) eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om

  • systemisk-funksjonell lingvistikk
  • moderne retorisk teori
  • korleis språk blir brukt for å skape meining og kommunisere i ulike kontekstar

 

 

Learning outcome skills

Studenten er i stand til å

  • utføre analysar av verbalspråklege tekstar med omgrep frå systemisk-funksjonell lingvistikk og retorikk
  • analysere tilhøvet mellom tekst og kontekst
  • kritisk reflektere over forholdet mellom språk, tekst og samfunn
Learning outcome qualification

Studenten skal ha

  • generell kompetanse i utforming av vitskaplege tekstar
  • innsikt i vitskaplege tilnærmingar til analyse av tekstar
Working and learning activities

Undervisninga blir gjeven i form av nettleksjonar, individuell rettleiing og digitale seminar: eit oppstartseminar og eit oppgåveseminar. Parallelt med nettleksjonane arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til arbeidet med oppgåva.

Assessment requirements

Arbeidskrav:

1. I starten av semesteret skal studenten gjere avtale med rettleiar om val av emne og problemstilling for semesteroppgåva.

2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 1500 ord. Utkastet blir kommentert og må godkjennast før studenten kan gå vidare med oppgåva.

3. Studenten skal delta på oppgåveseminaret og presentere utkast til semesteroppgåve. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på seminaret, kan ein levere videopresentasjon.

Evaluation system
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Pernille Fiskerstrand
Used in other programs
  • Language and Literature - bachelor
  • Norwegian - Specialization
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
67
Eksamen er todelt og består av ei individuell semesteroppgåve på om lag 6000 ord og ein individuell digital eksamen på 4 timar. Ved sensuren blir det nytta bokstavkarakterar, og begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. Ved fastsetjing av endeleg eksamenskarakter tel digital eksamen 1/3, medan semesteroppgåva tel 2/3.
Semesteroppgåve på 6000 ord (utanom litteraturlista)
Digital examination
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
33
Digital eksamen på 4 timar.
Approval signature: 
Arne Myklebust