Semesters

NO222 Norsk som andrespråk og flerkulturell pedagogikk 2

Course code: 
NO222
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk som andrespråk og flerkulturell pedagogikk 2
Teaching semester: 
2018 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk som andrespråk og flerkulturell pedagogikk 2
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Stått eksamen på emne 1 er ein føresetnad for å byrje på emne 2.

Course content

Studiet er andre del av studiet Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Emnet er konsentrert om norsk i eit kontrastivt perspektiv, om barne- og ungdomslitteratur i norskundervisning og i haldningsarbeid og om pedagogiske perspektiv på tema kultur-, sosialisering- og rasisme. Det faglege innhaldet skal gje eit teoretisk og didaktisk grunnlag for å kunne delta i realiseringa av ein inkluderande fleirkulturell skule.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:

  • kunnskap om norsk i eit andrespråksperspektiv og om andrespråkslæring og andrespråksundervisning 
  • kunnskap om stimulering og utvikling av munnleg kompetanse i eit andrespråksperspektiv
  • kunnskap om skriveforsking og didaktiske perspektiv på utvikling av skriftlege ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv
  • kunnskap om kultur, sosialisering og identitetsdanning i ein fleirkulturell kontekst, og kunne sjå samanhengar til utvikling av samarbeidsrelasjonar mellom heimar, skule og barnehage 
  • kunnskap om rasisme og korleis ein kan utvikle eit antirasistisk læringsmiljø
  • kunnskap om korleis ein kan vurdere og nytte litteratur for bruk i haldningsarbeid og i norskundervisning for fleirspråklege elevar
  • kunnskap om vurderingsmåtar av læremiddel/pedagogiske opplegg i ein fleirkulturell skule/barnehage
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • vurdere ulike undervisnings- eller opplæringssituasjonar og legge til rette for tilpassingar i eit andrespråksperspektiv 
  • meistre didaktiske tilnærmingar og nytte kontrastive kunnskapar som inneber tilpassa munnleg og skriftleg opplæring
  • legge til rette for gode samarbeidsmåtar mellom heim, skule og barnehage
  • nytte språkleg og kulturell kunnskap som ressurs for alle born, unge og vaksne i eit læringsmiljø
  • legge til rette for læringsmiljø som bidreg til å motverke fordommar og diskriminering
  • vurdere litteratur, læreverk og pedagogiske opplegg i eit andrespråks- og fleirkulturelt perspektiv
  • uttrykkje seg godt på norsk i både munnlege og skriftlege faglege framleggingar
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan nytte fagleg innsikt og kompetanse for utvikling av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
Working and learning activities

Undervisninga er fordelt på fem samlingar i vårsemesteret. Undervisninga går kvar gong over to heile dagar. Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid i mindre grupper og notatskriving. Studentane må ha tilgong til, og kunne gjere seg nytte av IKT-verkty. For studentar som tek studiet som del av grunnskulelærarutdanninga, sjå gjeldande praksisplan for utdanninga.

Assessment requirements

 • Obligatorisk frammøte på samlingane 
 • Gruppevis, munnleg presentasjon med skriftleg notat
 • Ei individuell skriftleg oppgåve på 1000 - 1200 ord

For å kunne gå opp til eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende. Studentar som har fått underkjent arbeidskrav knytt til seminararbeid eller notatskriving, kan få eitt nytt forsøk. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. For krav om obligatorisk frammøte, sjå føreskriftene ved HVO.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Birgitte Fondevik
Used in other programs
  • Norwegian as Second Language and Multicultural Pedagogy
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade