Semesters

NO222 Norsk som andrespråk og flerkulturell pedagogikk 2

Course code: 
NO222
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk som andrespråk og flerkulturell pedagogikk 2
Teaching semester: 
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk som andrespråk og flerkulturell pedagogikk 2
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
NO221 Norwegian as a second language and multicultural pedagogy 1
Course content

Emnet er andre del av studieprogrammet Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Emnet er konsentrert om temaa norsk i eit kontrastivt perspektiv, utvikling av munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv, mangfaldsperspektiver på oppvekst og læring, antirasisme og bruk av barne- og ungdomslitteratur i ein fleirkulturell skule og barnehage. Det faglege innhaldet skal gje eit teoretisk og didaktisk grunnlag for å kunne bidra til realiseringa av ein inkluderande fleirkulturell skule og barnehage.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • norsk i eit andrespråksperspektiv og om andrespråkslæring og andrespråksundervisning 
  • stimulering og utvikling av munnleg kompetanse i eit andrespråksperspektiv
  • skriveforsking og didaktiske perspektiv på utvikling av skriftlege ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv
  • kultur, sosialisering og identitetsdanning i ein fleirkulturell kontekst, og kunne sjå samanhengar til utvikling av samarbeidsrelasjonar mellom heimar, skule og barnehage 
  • rasisme og korleis ein kan utvikle eit antirasistisk læringsmiljø
  • korleis ein kan vurdere og nytte litteratur for bruk i haldningsarbeid og i norskundervisning for fleirspråklege elevar
  • vurderingsmåtar av læremiddel/pedagogiske opplegg i ein fleirkulturell skule/barnehage
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • vurdere ulike undervisnings- eller opplæringssituasjonar og legge til rette for tilpassingar i eit andrespråksperspektiv 
  • meistre didaktiske tilnærmingar og nytte kontrastive kunnskapar som inneber tilpassa munnleg og skriftleg opplæring
  • legge til rette for gode samarbeidsmåtar mellom heim, skule og barnehage
  • nytte språkleg og kulturell kunnskap som ressurs for alle born, unge og vaksne i eit læringsmiljø
  • legge til rette for læringsmiljø som bidreg til å motverke fordommar og diskriminering
  • vurdere litteratur, læreverk og pedagogiske opplegg i eit andrespråks- og fleirkulturelt perspektiv
  • uttrykkje seg godt på norsk i både munnlege og skriftlege faglege framleggingar
Learning outcome qualification

Studenten kan :

  • nytte fagleg innsikt og kompetanse for utvikling av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
Working and learning activities

Undervisninga er fordelt på fem samlingar, som kvar gong går over to heile dagar. Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, analyse og drøfting av faglitteratur og døme frå praksisfeltet, studentseminar, gruppearbeid og fagskriving. Studentane må ha tilgong til, og kunne gjere seg nytte av IKT-verkty. For studentar som tek studiet som del av grunnskulelærarutdanninga, sjå gjeldande praksisplan for utdanninga.

Assessment requirements

 • Obligatorisk frammøte på samlingane 
 • Gruppevis, munnleg presentasjon med skriftleg notat
 • Ei individuell skriftleg oppgåve på 1200 - 2000 ord

For å kunne gå opp til eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende. Studentar som har fått underkjent arbeidskrav knytt til seminararbeid eller notatskriving, kan få eitt nytt forsøk. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. For krav om obligatorisk frammøte, sjå føreskriftene ved HVO.

Evaluation system
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Birgitte Fondevik
Used in other programs
  • Norwegian as Second Language and Multicultural Pedagogy
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade