Semesters

NOR2LSN Norsk 2, Lese- og skriveopplæring

Course code: 
NOR2LSN
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen særskilde.

Course content

NOR2LSN byggjer på norsk i lærarutdanningane og gir ei vidareutdanning som er knytt til sentrale norskdidaktiske emne. Studiet gir kunnskap om og kompetanse knytt til lese- og skriveopplæring, både den første og den vidare lese- og skriveopplæringa. Dette er svært sentrale emne i gjeldande læreplan for grunnskulen, LK20. NOR2LSN er eit relevant studium for dei som er ferdig utdanna lærarar/ førskulelærarar/ barnehagelærarar og som ønskjer ei fagleg oppdatert vidareutdanning i grunnskulens norskfag. Med 60 stp. i norsk er ein etter Kompetanseforskrifta kvalifisert til å undervise i norskfaget på ungdomssteget. For undervisning i barneskulen vil 60 stp. i norsk gjere deg til ein ressursperson i skulens største fag. For dei som har førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning kan NOR2LSN vere del av dei 60 studiepoenga Kompetanseforskrifta krev, i tillegg til førskulelærar-/barnehagelærarutdanning, for å bli tilsett for undervisning i skulen på barnesteget (1.- 4. klasse). 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har

  • kunnskap om ulike teoriar og ulik praksis knytt til lese- og skriveopplæring
  • har kunnskap om lese- og skrivevanskar og norsk som andrespråk
  • har kunnskap om korleis ein utviklar lese- og skrivelyst, og om lese- og skrivestrategiar
  • har kunnskap om kartlegging, vurdering og oppfølging av det faglege nivået til elevane i lesing og skriving
  • har kunnskap om korleis IKT skaper nye arenaer, tekstar og føresetnader for kommunikasjon
  • har kunnskap om at lesing og skriving er både reiskapar for læring og for danning
  • har god kunnskap om ulike typar tekstar 
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre gode læringsforløp i lese- og skriveopplæringa basert på læreplanverk, fagleg og fagdidaktisk teori, grunngi dei og evaluere dei
  • kan leggje til rette for god lese- og skriveopplæring, også for elevar med lese- og skrivevanskar og elevar som har norsk som sitt andrespråk
  • kan stimulere lese- og skrivelyst i skulen, og drive opplæring i lese- og skrivestrategiar
  • kan tilby elevane ei variert, tilpassa og differensiert lese- og skriveopplæring der elevar får kjennskap til ulike lese- og skrivestrategiar tilpassa kontekst og føremål
  • kan nyttegjere seg av IKT i lese- og skriveopplæringa
  • kan leggje til rette for ei lese- og skriveopplæring som både stimulerer og utviklar dei grunnleggande ferdigheitene til elevane, og som stimulerer danning knytt til kultursida av norskfaget
  • har den tekstkompetansen, evalueringskompetansen og vurderingskompetansen ein treng for å drive lese- og skriveopplæring
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke faglege kunnskapar om lese- og skriveopplæring til å drive opplæring i tråd med LK20
  • har kunnskap om korleis lesing og skriving er grunnleggande ferdigheiter som er avgjerande for opplæring på alle nivå, og for deltaking i arbeids- og samfunnsliv
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon.
Working and learning activities

NOR2LSN er nettbasert og studiet har ingen fysiske eller digitale samlingar. Undervisninga er asynkron, og studentane bestemmer slik sjølve når dei vil arbeide med innhaldet. Ein må likevel forholde seg til gitte fristar i semesterplanen. Undervisninga er organisert i fire modular i læringsplattforma Canvas. Modulane består av leksjonar som presenterer og aktualiserer viktige emne i studiet. I kvar modul arbeider studentane med tre arbeidskrav som krev at dei reflekterer rundt både leksjonane, relevant pensum/teori og klasseromspraksis/metodikk. Slik styrer modulane den faglege framdrifta i studiet. Studiet er på 30 stp. og går over eitt år, med oppstart haustsemesteret og eksamen (vurderingsmappe) vårsemesteret. Studentane må disponere datamaskin med tilgang til internett og programvare for tekstbehandling (t.d. Word).

Assessment requirements

I eit nettbasert studium vil omfanget av tradisjonell formidling vere avgrensa. Vekta vil ligge på andre undervisnings- og arbeidsformer der eigne skriftlege arbeid utgjer sjølve kjernen i studiet.

I kvar modul har studentane tre arbeidskrav:

  • skrive ein individuell refleksjonstekst knytt til ein eller fleire av leksjonane for modulen (min. 350 ord - maks. 400 ord)
  • skrive ein individuell teoretisk refleksjonstekst knytt til det aktuelle pensumet for modulen (min. 1000 ord - maks. 1200 ord)
  • skrive ein individuell fagtekst om temaet for modulen (min. 2100 ord - maks. 2400 ord)

I tillegg skal studentane gjennomføre ei obligatorisk studieevaluering.

Studiet har dermed desse arbeidskrava:

  • Fire individuelle refleksjonstekstar (ein knytt til kvar modul) 
  • Fire individuelle teoretiske refleksjonstekstar (ein knytt til kvar modul)
  • Fire individuelle fagtekstar (ein knytt til kvar modul)
  • Studieevaluering i Canvas.
Evaluation system
Evaluation

Stundentane skal gjennomføre ei obligatorisk avsluttande vurdering av studiet. Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maximum number of students: 
150
Person in charge: 
Siri Vågene
Costs

Kr 10 000,-.

Used in other programs
  • Teaching Reading and Writing
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
I løpet av studieperioden skal alle arbeid utførte i samband med dei obligatoriske arbeidskrava leggast i Canvas etter fristar kunngjort i semesterplanen. Innan ein fastsett frist skal studenten velje ut to av fagtekstane for avsluttande vurdering der begge målformer er representerte. Studentane kan, og bør, forbetre tekstane før dei vert leverte i vurderingsmappa. Dei to arbeida bør representere fagleg breidde i høve til fagplanen. Mappa skal i tillegg innehalde ein teoriforankra presentasjonstekst. I presentasjonsteksten skal studenten grunngi valet av fagtekstar i mappa, gjere greie for eiga fagleg utvikling gjennom studiet og reflektere kring eigen (evt. framtidig) praksis som norsklærar.
Vurderingsmappa skal innehalde desse arbeida:
◦ Ein teoriforankra presentasjonstekst (min. 1000 - maks. 1200 ord)
◦ To individuelle fagtekstar (kvar på min. 2100 - maks. 2400 ord).
Approval signature: 
Arne Myklebust