Semesters

NOR2LSN Norsk 2: Lese- og skriveopplæring (nettbasert med avgift)

Course code: 
NOR2LSN
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk 2: Lese- og skriveopplæring (nettbasert med avgift)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk 2, Lese- og skriveopplæring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen særskilde.

Course content

Studiet byggjer på norsk i lærarutdanningane og gir ei fordjuping/vidareutdanning knytt til sentrale norskdidaktiske emne. Studiet gir kunnskap og kompetanse knytt til lese- og skriveopplæring, emne som er svært sentrale i gjeldande læreplan for grunnutdanninga, Kunnskapsløftet. Det er eit relevant studium både for dei som vil fordjupe seg i norskfaget i siste del av lærarutdanninga, og dei som er ferdig utdanna lærarar/førskulelærarar, og som ønskjer seg ei fagleg oppdatert vidareutdanning i grunnskulens norskfag. Med 60 stp. i norsk er ein etter Kompetanseforskrifta kvalifisert til å bli tilsett for å undervise i norsk på ungdomssteget. For undervisning i barneskulen vil 60 stp. i norsk gjere deg til ein ressursperson i skulens største fag. For dei som har førskulelærarutdanning, kan studiet vere del av dei 60 studiepoenga Kompetanseforskrifta krev i tillegg til førskulelærarutdanninga, for å bli tilsett for undervisning i skulen på barnesteget (1.-4. klasse). Du vil då kunne søkje om undervisningsstillingar på barnesteget med god kompetanse i skulens største fag.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har

  • kunnskap om ulike teoriar og ulik praksis knytt til lese- og skriveopplæring
  • har kunnskap om lese- og skrivevanskar og norsk som andrespråk
  • har kunnskap om korleis ein utviklar lese- og skrivelyst, og om lese- og skrivestrategiar
  • har kunnskap om kartlegging, vurdering og oppfølging av det faglege nivået til elevane i lesing og skriving
  • har kunnskap om korleis IKT skaper nye arenaer, sjangrar og føresetnader for kommunikasjon
  • har kunnskap om at lesing og skriving er både reiskapar for læring og for danning
  • har god kunnskap om tekstar i ulike sjangrar. 
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre gode læringsforløp i lese- og skriveopplæringa basert på læreplanverk, fagleg og fagdidaktisk teori, grunngi dei og evaluere dei
  • kan leggje til rette for god lese- og skriveopplæring, også for elevar med lese- og skrivevanskar og elevar som har norsk som sitt andrespråk
  • kan stimulere lese- og skrivelyst i skulen, og drive opplæring i lese- og skrivestrategiar
  • kan tilby elevane ei variert, tilpassa og differensiert lese- og skriveopplæring der elevar får kjennskap til ulike lese- og skrivestrategiar tilpassa kontekst og føremål
  • kan nyttegjere seg av IKT i lese- og skriveopplæringa
  • kan leggje til rette for ei lese- og skriveopplæring som både stimulerer og utviklar dei grunnleggande ferdigheitene til elevane, og som stimulerer danning knytt til kultursida av norskfaget
  • har den tekstkompetansen, evalueringskompetansen og vurderingskompetansen ein treng for å drive lese- og skriveopplæring i ulike sjangrar. 
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke faglege kunnskapar om lese- og skriveopplæring til å drive opplæring i tråd med Kunnskapsløftet
  • har kunnskap om korleis lesing og skriving er grunnleggande ferdigheiter som er avgjerande for opplæring i alle fag på alle nivå, og for deltaking i arbeids- og samfunnsliv
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon.
Working and learning activities

Emnet er nettbasert. Emnet er på 30 stp. og går over eitt år, med oppstart haustsemesteret og eksamen (vurderingsmappe) vårsemesteret. Undervisninga blir organisert med fire tyngdepunkt i Canvas og går over eitt studieår. Deltakarane må disponere datamaskin med nett-tilkopling og programvare for tekstbehandling. Studiet er nettbasert og har ingen samlingar. Tyngdepunkta består av leksjonar som presenterer og aktualiserer viktige emne i studiet. Etter kvart tyngdepunkt arbeider studentane med tre arbeidskrav som krev at dei reflekterer rundt både leksjonane i tyngdepunktet, relevant pensum/teori og klasseromspraksis/metodikk. Slik styrer tyngdepunkta den faglege framdrifta i studiet. Ein stor del av undervisningsressursen vil bli brukt til individuell rettleiing og vurdering av desse arbeidskrava.

Assessment requirements

I eit nettbasert studium vil omfanget av tradisjonell formidling vere avgrensa. Vekta vil ligge på andre undervisnings- og arbeidsformer der eigne skriftlege arbeid utgjer sjølve kjernen i studiet.

Etter kvart tyngdepunkt har studentane tre arbeidskrav i den påfølgande arbeidsperioden (tida fram til neste tyngdepunkt):

  • skrive ein individuell refleksjonstekst etter kvart tyngdepunkt, ca. 400 ord (1 s.)
  • skrive ein individuell teoretisk refleksjonstekst knytt til det aktuelle pensumet til tyngdepunktet, ca 1.200 ord (3 s.)
  • skrive ein individuell fagtekst om tema for tyngdepunktet (vert presisert på kvart tyngdepunkt), ca. 2.000-2.400 ord (5-6 s.)

I tillegg skal studentane gjennomføre ei obligatorisk studieevaluering.

Studiet har dermed desse arbeidskrava:

  • Fire individuelle refleksjonstekstar (ein knytt til kvart tyngdepunkt) kvar på ca 1 s. (ca 400 ord)
  • Fire individuelle teoretiske refleksjonstekstar (ein knytt til kvart tyngdepunkt) kvar på ca 3 s. (ca 1.200 ord)
  • Fire individuelle fagtekstar (ein knytt til kvart tyngdepunkt) kvar på ca 5-6 s. (ca 2.000-2.400 ord)
  • Studieevaluering i Canvas.
Evaluation system
Evaluation

Stundentane skal gjennomføre ei obligatorisk avsluttande vurdering av studiet. Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maximum number of students: 
200
Person in charge: 
Pål Hamre
Costs

Kr 8000,-.

Used in other programs
  • Teaching Reading and Writing
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
I løpet av studieperioden skal alle arbeid utførte i samband med dei obligatoriske arbeidskrava leggast i Canvas etter fristar kunngjort i semesterplanen. Innan ein fastsett frist skal studenten velje ut tre av arbeida for avsluttande vurdering der begge målformer er representerte. Studentane kan, og bør, forbetre tekstane før dei vert leverte i vurderingsmappa. Dei tre arbeida bør representere fagleg breidde i høve til fagplanen. Mappa skal i tillegg innehalde eit teoriforankra refleksjonsskriv. I refleksjonsskrivet skal studenten grunngi utvalet av mappetekstar og gjere greie for eiga fagleg utvikling gjennom studiet og reflektere kring eigen (evt. framtidig) praksis som norsklærar.
Vurderingsmappa skal innehalde desse arbeida:
◦Eit individuelt refleksjonsskriv (inntil 1.200 ord)
◦To individuelle fagtekstar (kvar på ca. 2.000-2.400 ord)
◦Ein individuell teoretisk refleksjonstekst (ca 1.200 ord).