Semesters
PPRÅD301 PP-rådgjevaren og kunnskapsgrunnlaget for yrkesutøvinga
Fullført og bestått lærarutdanning (barnehagelærar, allmennlærar, faglærar med PPU, grunnskulelærar). Søkarar med annan utdanningsbakgrunn kan få opptak etter særskild vurdering.
Emnet er bygd opp omkring spesialundervisning og inkludering, og har PP-rådgjevaren som målgruppe. Målet er å styrke kunnskap og ferdigheiter i sakkunnigheitsarbeid i PPT og omhandlar etiske utfordringar og juridiske dilemma PP-rådgjevaren står i. Det vert arbeidd med samanhengar mellom forvaltninga og læringsmiljøa for barn og ungdom. Tema som individuell sakkunnig uttale, systemkunnskap og organisasjonsutvikling er sentrale. Emnet gir plass til å arbeide med PP-rådgjevaren sine ulike roller og utvikling av profesjonell identitet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha grundige kunnskapar om
- kunnskapsgrunnlag til rådgjevingsfeltet og ulike rådgjevarroller
- spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring
- lovverk og juridiske rammer som er aktuelle for PP-rådgjevar si yrkesrolle
- kunne analysere vilkår for læring og saman med samarbeidspartnarane utvikle inkluderande læringsmiljø
Studenten skal
- kunne legge til rette for utviklingsarbeid som fremmer kvalitet for læringsmiljøet og arbeide for utviklingsarbeid som kontinuerlege prosessar
- tidleg kunne avdekke behov for tettare oppfølging av barnet/eleven for å fremme læringsmoglegheiter og motverke negativ utvikling
- kunne forvaltninga omkring å iverksette tiltak ved avdekking av vanskar og samtidig fagleg grunngje vala sine
Studenten skal
- vere dyktiggjort i rolla som rådgjevande partnar i kartlegging og utvikling av tiltak
- kunne samarbeide med barnet/eleven og aktuelle aktørar i barnehage/skule og forvaltning på ein måte som sikrar medverknad og eigarskap for den/dei det gjeld
- vidareutvikle sin eigen profesjonelle identitet
Emnet er bygd opp omkring tre tema (1) Sakkunnigheit, spesialundervisning og tilpassa opplæring (2) Lovverk, forvaltning og etikk, og (3) Identitet og PP-rådgjevaren sine roller.
Dette er eit nett- og samlingsbasert studium organisert med 3 samlingar på 2 dagar kvar.
Arbeidsmåtane vekslar mellom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav (1)
Skriftleg gruppeoppgåve om oppgjeve tema. Arbeidet vert i hovudsak organisert som samskriving på nett. Omfang: 2 000 ord (+/- 10 %).
Arbeidskrav (2)
Individuell munnleg framlegging knytt til sjølvvalt tema frå emnet. Arbeidskravet blir presentert som digital fil i Canvas, delt og drøfta.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | Pass / fail | Alle |