Semesters

PPU-DID1SA Didaktikk 1 Samfunnsfag

Course code: 
PPU-DID1SA
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Autumn
Assessment semester: 
2025 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Lærarrolla i samfunnsfag er hovudtema i emnet. Kunnskapsutvikling om fagområdet sin plass i skulen før og no, og refleksjon over arbeidsmåtar, vurderingspraksis og grunngjevingar for læringsarbeid, står sentralt. Emnet vektlegg kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for samfunnsfaga i skulen med øving i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha: 

  • Kunnskap om samfunnsfaga sine eigenartar og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som samfunnsfaglærar
  • Kunnskap om samfunnsfaga sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
  • Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt
Learning outcome skills

Studenten:

  • Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til samfunnsfaga i skulen
  • Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i samfunnsfaga, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov  
  • Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • kan utøve ei sjølvstendig og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og fremje dialog, toleranse og respekt  
  • orientere seg i faglitteratur, sette opp relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk i utvikling av sin eigen faglege praksis  
Working and learning activities

Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum i felles fagdidaktikk, og i gruppe i samfunnsfagdidaktikk (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet.  Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk. 

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget. 

Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag). 

Alternativ 1: Gjennomføre eitt didaktisk arbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengde skal tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.

Alternativ 2: Godkjent 80 prosent frammøte i undervisning knytt til sekundærfag, tildelt gjennom opptaksbrev

Vilkår for å fremstille seg til eksamen i PPU-PED1 Pedagogikk 1 må være oppfylt for å fremstille seg til eksamen. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Kari Aslaug Hasle
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk.
Tilsvarande inntil 4000 ord
Approval signature: 
Randi Bergem 01.03.2023