Semesters
PPU-DID2SA Didaktikk 2 Samfunnsfag
Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1.
Emnet er ein del av Praktisk- pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det gjort synleg korleis emne og praksis samarbeider. Det andre emnet i didaktikk er, saman med det andre emnet i pedagogikk og praksis, organisert rundt modulane 3,4,7 og 8.
Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forskning kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om og innsikt i eit breidt spekter av undervisningsstratgiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.
Emnet byggjer på det første emnet i fagdidaktikk. I dette andre emnet i fagdidaktikk vert det forventa at studenten viser auka evne til kritisk refleksjon, og klarer å setje lærarrolla og arbeidet som lærar i eit vidare perspektiv.
Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper i dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i.
Studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- brei kunnskap om danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, berekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd.
- inngåande kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i aktuelle fag.
- kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.
- inngåande kunnskap om undervisningsfaget sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen.
- kunnskap om ulike digitale arbeidsformer som er relevante for eigne undervisningsfag.
- brei kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt.
Studenten skal kunne
- analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til faget sin plass i skulen.
- planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i fag tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov.
- bruke varierte og relevante metoder i undervisninga, og tilpasse opplæringa med omsyn til ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking.
- vurdere og bruke digitale ressurser som er sentrale for det aktuelle faget, og vurdere korleis digitale ressursar fremjer læring i aktuelle fag.
- gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar.
- leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar.
- planlegge og delta i forskningsbaserte endrings- og utviklingsprosessar knytt til aktuelle fag, og kritisk vurdere desse i etterkant.
- kan gjennomføre profesjonsretta, praksisrelevante, sjølvstendige og avgrensa FoU-prosjekt i tråd med forskningsetiske normer.
- kan ivareta opplæringa for barn med samisk opphav, og for barn med ulike sosiale og kulturelle utgangspunkt.
Kandidaten skal kunne
- vise og utøve ei autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar, føresatte og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt.
- orientere seg i faglitteratur, sette opp relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis.
- bidra til innovasjonsprosessar og ta ansvar for samarbeid og utviklingsarbeid som fremjer fagleg og pedagogisk nyskaping i opplæringa.
- bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk.
Undervisning og læringsaktivitetar vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum ("Felles fagdidaktikk"), og i gruppe i aktuelle fag. Ein del av læringsaktivitetane vert gitt digitalt. Oppgåveskriving med individuell rettleiing tilpassa studenten sin fagbakgrunn.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Bestått didaktikkemne 1.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til undervisning og andre læringsaktivitetar. Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Del A) Levere to faglege arbeid tilsvarande om lag 1500 ord, innanfor aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.
Del B) I tillegg skal alle studentar anten:
Alternativ 1, for studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag: Gjennomføre eit tverrfagleg praksisretta prosjekt, eller prosjekt knytt til samarbeid mot eksterne aktørar. Prosjektet skal dokumenterast gjennom aktuelle multimodale former. Dokumentasjonen skal innehalde presentasjon for andre studentar. Dokumentasjonen må også synleggjere diskusjon og refleksjonar knytt til aktuell litteratur. Det skal vere sjølvvalt litteratur på rundt 300-500 sider knytt til arbeidet.
Alternativ 2, for studentar med undervisningskompetanse i to fag: Godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning i sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. Ha godkjent eit fagdidaktisk arbeid tilsvarande ca 2000 ord med utgangspunkt i sekundært fag.
- Professional Teacher Qualification
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Alle studentar skal velje ut ei av dei to godkjende arbeidskrava under punkt A), i tillegg skal arbeid knytt til B) inngå i mappa. Arbeidet skal leverast saman med ei presentasjonstekst på omlag 1000 ord. |