Semesters

PPU-PED1 Pedagogikk 1

Course code: 
PPU-PED1
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke haust (PPU-PED1) og 15 stp. vert teke vår (PPU- PED2). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jmf. eigne emneplanar for ulike fag). 

Pedagogikkemnet PPU-PED1 (pedagogikk 1) er organisert i 4 modular. Desse er: 

  1. Lærarrolla og klasseleiing.
  2. Læring og motivasjon  
  3. Mangfald og inkludering
  4. Sosialisering og oppvekst 

 

I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet.                                  Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt. 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om: 

  • lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar.
  • teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring.
  • kommunikasjon, og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
  • samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring.
  • sentrale styringsdokument for skulen si verksemd.
  • mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader.
  • ulike former for vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon.
  • leiing av elevar sine læringsprosessar og korleis ein kan fremje sjølvregulert læring.
Learning outcome skills

Studenten kan: 

  • leie, rettleie og motivere elevar gjennom tilpassa opplæring.
  • bidra til å skape trygge, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø.
  • planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven sine føresetnader, interesser og behov med bakgrunn i ulike teoretiske perspektiv.
  • bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid. 
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • kan bygge gode relasjonar med elevane, og skape ein god kultur for læring i elevgruppa.
  • kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
  • kjenner til  korleis ein i samarbeid med foreldre og PPT kan fremje tilpassa opplæring og inkludering.
  • har utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse og kan bidra til at barn og unge kan gjere seg nytte av digitale ressursar på ein etisk og læringsfremjande måte.  
  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
Working and learning activities

Mykje av undervisninga går føre seg på campus i Volda. Men det kan og bli brukt digitale plattformar.

Arbeidsmåtane i studiet blir ein kombinasjon av forelesningar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og digital dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap blir danna gjennom teoretiske studie, praksis og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervisning, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.

Ein del av undervisninga kan bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgjenge egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.

Studentane skal bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året.  Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg  på PPU- PED1.

Det kan leggast opp til gruppearbeid eller individuelt arbeid mot slutten av kvar modul det studentane samanfattar det sentrale innhaldet i kvar av dei. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, arbeid i grupper, seminar og andre læringsaktivitetar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga. 

Arbeidskrav 

  1. Skriftleg refleksjonsoppgåve. Omfang 2000 ord +/- 10%.  
  2. Munnleg presentasjon av fagstoff henta frå PPU -  PED1.  

Studentane skal ta del i og gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2.  

Nærare retnngslinjer for arbeidskrava vert gitt i undervisningsplan og oppgåvetekst

Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegial rettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga. 

Begge arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen (Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda). 

 

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Torbjørg Bakke
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk. Ved kontinuasjon i berre eine emnet vil eksamenstid vere 2 dagar, og omfang tilsvarande om lag 2000 ord.
Alle
Tilsvarande inntil 4000 ord
Approval signature: 
Arne Myklebust