Semesters
PPU-PED1 Pedagogikk 1
Ingen.
Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke haust (PPU-PED1) og 15 stp. vert teke vår (PPU- PED2). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jmf. eigne emneplanar for ulike fag).
Pedagogikkemnet PPU-PED1 (pedagogikk 1) er organisert i 4 modular. Desse er:
- Lærarrolla og klasseleiing.
- Læring og motivasjon.
- Psykososialt læringsmiljø
- Skolen som organisasjon.
I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap, gjennomgåande tema i heile emnet.
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentene tilegnar seg kunnskap om og ferdigheter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk- pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har solid kunnskap om sentrale styringsdokument for skulen si verksemd, inklusiv lov og planverk med relevans for skulen
- har kunnskap om leiing av elevar sine læringsprosessar og korleis ein kan fremje sjølvregulert læring
- har kunnskap om kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket
- har brei kunnskap om ulike former for vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon
- har kunnskap om observasjon som metode i pedagogisk arbeid
- har kunnskap om korleis ein skapar eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring.
- har god kjennskap til skolen som organisasjon, korleis skolen fungerer, kan utviklast og endrast
Kandidaten
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- kan bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid
- kan leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø
- kan arbeide proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderande fellesskap som fremjar trivsel og læring for alle
- kan bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skolen
Kandidaten:
- kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillinga på høgt nivå, og formidle kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking
- kan planlegge , gjennomføre og evaluere undervisning i tråd med relevante styringsdokument
- kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis
- kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skole, arbeids- og samfunnsliv
- kan byggje gode relasjonar med elevane, og skape ein god kultur for læring i elevgruppa, samt identifisere særkilde behov
Undervisninga går føre seg på campus i Volda, men det kan også bli brukt digitale plattformar.
Arbeidsformane i studiet blir ein kombinasjon av forelesningar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse blir danna gjennom teoretiske studie, praksis og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervisning, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Ein del av undervisninga kan bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgang til utstyr, PC med nettilgang, samt kamera, mikrofon og høgtalar. Studentane blir organisert i faste læringsgrupper som skiftar nokre gonger i året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg på PPU-PED1.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, arbeid i grupper og seminar, dersom ikkje anna er opplyst. Det vert vist til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Skriftleg refleksjonsoppgåve. Omfang 2000 ord +/- 10%.
- Munnleg presentasjon av fagstoff henta frå PPU - PED1. Studentane skal ta del i og gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2.
Vurdering: Godkjend / ikkje godkjend.
For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:
- Studenten skal vere til stades på minimum 80% av undervisninga.
- Arbeidskrava må vere godkjende.
- Vilkår for å fremstille seg til eksamen i fagdidaktikkemne 1 må være oppfylt.
- Professional Teacher Qualification
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk. | Alle | Tilsvarande inntil 4000 ord. |