Semesters

PPU-PRA1 Praksisplan PPU heiltid 1. periode

Course code: 
PPU-PRA1
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
-
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Praksisplan PPU heiltid 1. periode
Teaching semester: 
2015 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Praksis 1
Assessment semester: 
2015 Autumn
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Praksisplanen byggjer på Forskrift om Rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning av 2003. Praksisplanen skal saman med emneplanar for profesjonsfaget vere eit utrykk for konkretisering av rammeplanen sine målområde og mål. PPU er yrkesretta og praksis har ei særstilling. I praksisopplæringa skal studentane få erfaring med ulike aktivitetar som inngår i ein lærar sin arbeidsdag og gradvis utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, integrert, relevant og variert, og er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Omfanget av praksis er sett til 60 dagar og vert fordelt over to semester. Rammeplanen viser til kompetanseområde som studiet,  og dermed praksis er sentrert rundt: Fagleg kompetanse Skulen i samfunnet Etikk Pedagogikk og fagdidaktikk Leiing av læringsprosesser Samhandling og kommunikasjon Endring og utvikling Kompetanseområda er presisert gjennom skildring av læringsutbytte.

Learning outcome

I løpet av første praksisperiode skal studentane ha dette læringsutbytte: KunnskapKandidaten har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheiter og plikter  FerdigheitKandidaten kan planlegge, tilpasse, gjennom føre og vurdere opplæring åleine og saman med andre kan variere og grunngje eit utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven kan utvikle mål for opplæringa og vurdere i kva grad elevane har nådd læringsmåla gjennom formativ og summativ vurdering  Generell kompetanseKandidaten kan reflektere over fag, undervising og elevane si læring i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv kan byggje gode relasjonar og kommunisere godt med elevar og kollegaer kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar

Learning outcome knowledge

-

Learning outcome skills

-

Learning outcome qualification

-

Working and learning activities

Det vert utarbeidd studie- og praksisrute som klargjer nøyaktig tidfesting av praksisperioden. Studentane skal ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga i vidaregåande opplæring bør ha praksis på ulike utdanningsprogram.Første praksisperiode har eit omfang på 30 dagar. Her inngår både observasjonspraksis og rettleia praksis.Praksislærar si hovudoppgåve er å legge til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden i lag med student og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt består av tre delar: Før-rettleiing Observasjon av studenten sitt arbeid med klassa/elevgruppa            Etter-rettleiing Rettleiing frå praksislærar har som føremål å medverke til at studenten får utvikla eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning vil vere viktig i studenten sin utvikling av profesjonskompetanse.Studenten sitt ansvar er å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og ta sitt ansvar i rettleiinga. Studenten skal før kvar rettleiingsøkt levere ein skriftleg plan for timen/undervisingsøkta til praksislærar, eventuelt faglærar og med-student om det er behov for det. Denne planen med bestilling av rettleiing, og eventuelt andre skriftlege dokument til dømes logg eller arbeidsplan vil vere utgangspunkt for rettleiingssamtalane før og etter gjennomføring av undervisningsøkta.Det er obligatorisk frammøte til praksis. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Assessment requirements

-

Evaluation

Det vert utført både midtvegs- og sluttevaluering frå studentar og praksisskuleMidtvegs- og sluttevaluering Midtvegsevaluering har form som ei samtale mellom student og øvingslærar der alt som er relevant for praksisperioden kan takast opp. Studentane vert bedne om å fylle ut eit evalueringsskjema etter praksis, og levere dette til praksiskoordinator. Praksiskulane vert bedne om å gjennomføre ei årleg evaluering av praksis til dømes møte for alle praksislærarar ved skulen.

Maximum number of students: 
50
Used in other programs