Semesters

PPU-PRA1 Praksisplan PPU heiltid 1. periode

Course code: 
PPU-PRA1
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Praksisplan PPU heiltid 1. periode
Teaching semester: 
2018 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Praksis 1
Assessment semester: 
2018 Autumn
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Praksisplanen byggjer på Forskrift om Rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21.desember 2015. Praksisplanen skal saman med emneplanane vere eit utrykk for konkretisering av rammeplanen sine målområde og mål. PPU er yrkesretta og praksis har ei særstilling. I praksisopplæringa skal studentane få erfaring med ulike aktivitetar som inngår i ein lærar sin arbeidsdag og gradvis utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, integrert, relevant og variert, og er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. 

Omfanget av praksis er sett til 60 dagar. Den første praksisperioden på 30 dagar vert gjennomført i haustsemesteret.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :   

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer

har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid

har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheiter og plikter

Learning outcome skills

Kandidaten:

kan planlegge, tilpasse, gjennomføre og vurdere opplæring åleine og saman med andre

kan variere og grunngje eit utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven

kan utvikle mål for opplæringa og vurdere i kva grad elevane har nådd læringsmåla gjennom formativ og summativ vurdering

Learning outcome qualification

Kandidaten:

kan reflektere over fag, undervising og elevane si læring i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv

kan byggje gode relasjonar og kommunisere godt med elevar og kollegaer

kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar

Working and learning activities

Det vert utarbeidd studie- og praksisrute som klargjer nøyaktig tidfesting av praksisperioden. Studentane skal ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Til vanleg er praksisperioden i haustsemesteret i ungdomsskulen og praksisperioden i vårsemesteret i vidaregåande skule. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga i vidaregåande opplæring bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. Første praksisperiode har eit omfang på 30 dagar. Her inngår både observasjonspraksis og rettleia praksis. I praksisperioden skal studenten følge praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering.

Praksislærar si hovudoppgåve er å legge til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden i lag med student og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt består av tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med klassa/elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing frå praksislærar har som føremål å medverke til at studenten får utvikla eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning vil vere viktig i studenten sin utvikling av profesjonskompetanse. Studenten sitt ansvar er å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og ta sitt ansvar i rettleiinga. Studenten skal før kvar rettleiingsøkt levere ein skriftleg plan for timen/undervisingsøkta til praksislærar, eventuelt faglærar og med-student om det er behov for det. Denne planen med bestilling av rettleiingsdokument, og eventuelt andre skriftlege dokument, til dømes logg eller arbeidsplan, vil vere utgangspunkt for rettleiingssamtalane før og etter gjennomføring av undervisningsøkta.

Etter avslutta praksis skal praksislærar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal ha kopi av sluttvurderinga og legge den fram for praksislærar i praksismøte før for andre praksisperiode.

 

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til praksis. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Semester
Pass / fail
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Approval signature: 
Anne Øie