Semesters

PPU126-15 PPU: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 15 stp

Course code: 
PPU126-15
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn heiltid. Gjennom undervisning i felles fagdidaktikk vert det gitt innføring i sentrale felles fagdidaktiske område som : fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, dei fem grunnleggande ferdigheitene (lesing, skriving, munnleg, rekning og IKT) og nasjonale prøver.

Innhaldet i fagdidaktikk formgjeving/kunst og handverk vil vere:

  • faget si grunnlagstenking knytt til eigenart og posisjon i skulen i eit historisk perspektiv 
  • planarbeid som omfattar arbeid med aktuelle læreplanar og planlegging av undervisning, herunder tilpassa opplæring, varierte arbeidsformer, tverrfagleg verksemd, prosjektarbeid og IKT i faget (utvikling av lokal læreplan)
  • vurdering og rettleiing
  • førebuing og refleksjon knytt til praksis

Læringsutbytte er henta frå studieplanen som bygger på Rammeplan for praktisk- pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • planlegging, gjennomføring, vurdering og grunngjeving for undervisning i faget tilpassa den enkelte elev og elevgruppe
  • grunnleggjande fagdidaktiske omgrep og evne til å utøve fagkritikk
  • å fornye og utvikle faget både i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • forståing for fagfeltet sin eigenverdi, i historisk, samfunnsmessig og kulturelt perspektiv
  • barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • korleis skulen kan jobbe for å fremje helse og trivsel hos barn og unge
Learning outcome skills

 Studenten har ferdigheiter i:

  • å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje formgjeving-, kunst- og handverkspedagogisk verksemd
  • å identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere, teikn på psykiske vanskar, vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan reflektere over eigen profesjonsutøving og utvikle undervisningsmetodar tilpassa den einskilde eleven
  • kan med utgangspunkt i fagleg erfaring, praksisrefleksjon og kjennskap til faglitteratur utvikle evne til å tenke nytt i faget
  • kan rettleie og samarbeide med kollegaer for å styrke dei praktiske og estetiske dimensjonar i alle fag og i skulen som heilskap
Working and learning activities

Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag (formgjeving/kunst og handverk).

 

Assessment requirements

3 fagtekstar på omlag 2000 ord (to av dei med praktisk arbeid), innlevert til avtalt tid og godkjend.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maximum number of students: 
12
Person in charge: 
Karen Brænne
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
To av fagtekstane på omlag 2000 ord. En presentasjonstekst på omlag 1000 ord.
Approval signature: 
Aud Folkestad