Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
PPUD111 Pedagogikk 1
Ingen.
Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning for yrkesfag årssteg 8-13 utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke første studieår (emne PPUD111) og 15 stp. vert teke andre studieår (emne PPUD112). Dei andre 30 stp. er yrkesdidaktikk (jmf. eigne emneplanar).
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileigner seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13. Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I emnet Pedagogikk 1 – Leiing av læreprosessar – vil hovudfokus være klasseromsperspektivet . Dette vil være den gjennomgåande dagsorden 1. studieår .
Pedagogikk 1 er organisert i 4 delemne. Desse er:
1. Innføring i pedagogikkfaget
2. Læring, vurdering og motivasjon
3.Tilpassa opplæring og elevkunnskap
4. Leiing av læreprosessar
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om :
- teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring .
- samanhenger mellom individuelle , sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa opplæring , likeverd og fråfallsproblematikk .
- skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringslaupet .
- mangfaldet i elevgruppa og om barn og ungdom si utvikling og læring .
- barn og unge i vanskelege livssituasjonar, vold og seksuelle overgrep mot barn og unge og nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk .
- ulike former for vurdering og samspillet mellom vurdering og motivasjon .
- observasjon som metode.
Kandidaten kan :
- anvende sine yrkesfaglege, pedagogiske og teknologiske kunnskapar .
- leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive , meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø.
- planlegge , gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- identifisere særskilde behov hos barn og unge, inkludert teikn på vold eller seksuelle overgrep og etablere tverrfagleg og tverretatleg samarbeid til beste for eleven .
- reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven sine føresetnader , interesser og behov med bakgrunn i ulike teoretiske perspektiv.
- bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid..
Kandidaten :
- har breid kunnskap om yrkesfag og pedagogikk .
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillinger og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg og munnleg .
- kan motivere for elevenes/lærlingenes læring, yrkesstolthet og yrkesidentitet .
- har kunnskap om sentrale problemstillinger i utdanningsforsking.
- har kunnskap om lov- og planverk og innsikt i ulike profesjonsteoretiske utfordringar.
- kan reise problemstillinger, undersøke og drøfte disse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
- har kunnskap om korleis byggje gode relasjonar til elevar.
Emnet er organisert gjennom samlinger lagt til enten Volda, Ålesund eller Molde.
Oppgåve knytt til temaet observasjon. Omfang: 1500 - 2000 ord . Times New Roman 12 pkt. og linjeavstand 1,5 .
Nærare retningslinjer for arbeidskravet vert gitt i semesterplanen.
Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen ( Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda) ..
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper, seminar i studiet og oppgåver knytt til undervisning og semesterplan. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Vocational Teacher Qualification (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Times New Roman 12 pkt. og linjeavstand 1,5 . | Alle tilgjengelege . | 4000 ord . |