Semesters

PPUD111 Pedagogikk 1

Course code: 
PPUD111
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Emnet PPUD111 inngår som dei første 15 studiepoenga av yrkespedagogikken i PPU-Y.  Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning årssteg 8-13 utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 studiepoeng vert teke første studieår ( PPUD111) og 15 studiepoeng vert teke andre studieår (PPUD112).

Yrkespedagogikk handlar om at studenten skal tilegne seg kompetanse i pedagogisk kartlegging, tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av læreprosessar som er tilpassa den enkelte elev og klasse.  Fokus i PPUD111 er knytt til emnegruppe 1: Leiing av læringsprosessar på ulike læringsarenaer, med spesiell vekt på pedagogisk og profesjojsetisk kompetansekrav i det daglige arbeid med elevane i klasserommet.  Læring, motivasjon, vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap, er tema som blir tatt opp.  Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk- pedagogisk utdanning for yrkesfag, trinn 8-13 (2018).

Emnet vert gjennomført i tett samarbeid med PPY121-yrkesdidaktikk og Praksis 1, for å bidra til at studenten gjennom varierte erfaringar og refleksjonar utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har kandidaten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten skal etter fullført emne:

  •  ha kunnskap om teoretiske perspektiv på læring og utvikling.
  •  ha kunnskap om bruken av pedagogikk i leiing av læreprosessar i klasserom /verkstad.
  •  ha kunnskap om differensiert og tilpassa opplæring i eit mangfald av læringsfellesskap.
  •  ha kunnskap om elevmedverknad, demokratisk danning og entreprenørskap i klasserom/verkstad.
  •  ha kunnskap om mangfoldet i elevgruppa og om barn og ungdom si utvikling og læring, herunder samiske problemstillingar.
  •  ha kunnskap om vurderingsprosessar og sjølregulert læring og samspillet mellom vurdering og motivasjon .
  •  kjenne til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for pedagogikkfaget.
  •  ha kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevant for profesjons- og yrkesutøvinga.
Learning outcome skills

Kandidaten skal etter fullført kunne:

  • anvende sin yrkeskompetanse og pedagogiske og teknologiske kunnskapar i arbeidet med elevar og lærlingar tilpassa ulike behov og yrkesinteresser.
  • legge til rette for konstruktive, meiningsfylte, inkluderande og utviklande læringsmiljø.
  • vurdere og dokumentere elevane si læring og utvikling, sjølstendig eller i samarbeid  med andre, og gje læringsfokuserte    tilbakemeldingar som kan medvirke til at eleven kan reflektere over eiga læring. 
  • orientere seg i relevant faglitteratur, eksisterende teoriar og forsking knytt til fag- og yrkesopplæring, og bruke ulike informasjonskjelder kritisk og etterretteleg.
  • framstå som rollemodell for elevar, og vere bevisst sitt ansvar i å byggje yrkesrelevante relasjonar.
  • bruke relevante digitale læremidlar i teknologirike læringsfellesskap.
Learning outcome qualification

Kandidaten skal etter fullført emne kunne:

  • formidle kunnskapar, ferdigheiter ,haldningar og motivere elevane til gode læringsprosessar gjennom fagleg innsikt og engasjement.
  • byggje gode relasjonar til elevar og skape trygge og inkluderande læringsmiljø.
  • formidle og fremje yrkesstoltheit og yrkesidentitet.
  • identifisere eigne behov for utvikling og reflektere over eiga endring og utvikling, som følge av rettleiing.
Working and learning activities

Ved Høgskulen i Volda er PPU-Y eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Kvart semester har rundt fire digitale samlingar på to timar, i tillegg til tre-fire samlingar på to dagar, enten i Volda, Ålesund eller Molde. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av førelesingar og dialog i plenum, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid, seminar og sjølvstudium. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.      

Studenten må ha tilgjenge på egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.   

Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlige på PPUD111 og PPY121.

Det kan leggast opp til gruppearbeid eller individuelt arbeid mot slutten av kvar modul det studentane samanfattar det sentrale innhaldet i kvar av dei. 

 

Assessment requirements

Arbeidskrav    

  1. Akademisk skriving – tverrfagleg. Skrive ein fagtekst om eit relevant yrkespedagogisk emne. Omfang: 750 ord (+/- 10 %)  

       2. Skriftleg refleksjonsoppgåve knytt til videocase. Omfang 2000 ord +/- 10%.  

       3. Praksisrefleksjon – tverrfagleg. Dette arbeidskravet er todelt. 

                 a. Utarbeide og gjennomføre eit undervisningsopplegg i praksis 

                 b.Skrive ein praksisrapport der kandidaten reflekterer over ein utvald situasjon frå undervisningsøkta,

                    i lys av relevant pensumlitteratur frå både PPUD111 og PPY121. Omfang: 1800ord (+/- 10 prosent).  

Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei yrkespedagogiske tema, og få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegial rettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga.  

Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.   

Frammøte   

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.   

For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:  

  • Minimum 80% frammøte  
  • Alle arbeidskrav godkjende  
  • PPUY-PRA1 Praksis 1 godkjend  

( Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda) ..

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Torbjørg Bakke
Used in other programs
  • Vocational Teacher Qualification (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
45 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ingen.
Approval signature: 
Arne Myklebust