Semesters

PPUD112 Pedagogikk 2

Course code: 
PPUD112
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
PPUD111 Pedagogy 1
Course content

Emnet inngår som dei siste 15 studiepoenga av yrkespedagogikk i PPU – Y. 

Fokus i emnet er skulen i samfunnet og leiing og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018). 

Emnet skal gjennomførast i tett samarbeid mellom PPY122 Yrkesdidaktikk 2 og PPUY-PRA2 Praksis 2 for å gi eit samla læringsutbytte for studentane i tråd med målsetningane for PPU Yrkesfag. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten 

  • har kunnskap om digitale verktøy i yrkesopplæringa og den teknologiske utviklinga i eigen bransje  
  • har kunnskap om problemstillingar knytt til overgrep og rus, og nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
  • har kunnskap om samarbeid med føresette, skulen si leiing og andre aktørar i skule og arbeidsliv.
  • har kunnskap om yrkesfag og yrkesfagleg breidde i eige programområde 
  • har kunnskap om barn og unges oppvekstmiljø
  • har kunnskap om læringsfellesskap og lærarens ansvar for kvaliteten på relasjonsbygging mellom elever, lærarar og føresette.
  • kjenner til fleire perspektiv på læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar, her under samisk språk og kultur
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonane innanfor det yrkesfaglege området  
  • kjenner til samfunnet og arbeidslivet sitt kompetansebehov innanfor aktuelle yrke 
  • kjenner til skulens samfunnsmandat i det heilskaplege opplæringsløpet
Learning outcome skills

Kandidaten 

  • brukar og viser til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • brukar yrkesfaglege, yrkesdidaktiske og teknologiske ferdigheiter i tråd med samfunnet og arbeidslivet sine utviklings- og endringsbehov 
  • involverer lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa 
  • kan sjå faget, yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv 
  • kan vere kritisk og anvende sine pedagogiske, digitale og teknologiske dugleikar i tråd med samfunnet og arbeidslivet sitt utviklings- og endringsbehov
  • legg til rette for likestilling, likeverd og en berekraftig yrkesutdanning
Learning outcome qualification

Kandidaten ​

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
  • kan via fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • kan legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
  • kan bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø
  • kan bygge gode relasjonar til og samarbeide med foresatte og andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • kan ta reflekterte val i forhold til lærings- og arbeidsmetodar og ulike læringsarenaer  
Working and learning activities

Emnet er ein del av eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. 

Studentane må ha tilgjenge egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon. 

Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPUD112 og PPY122.

Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium, utviklingsprosjekt og dialog i plenum.  

Assessment requirements

Frammøte

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav

  • Arbeidskrav om skulen som organisasjon
  • Skisse til tverrfagleg utviklingsprosjekt 1000-1500 ord i haustsemesteret (Felles med PPY122)
  • Arbeidskrav om skule og samfunn
  • Munnleg presentasjon knytt til individuelt utviklingsprosjekt, 15 minutt (Felles med PPY122) 

Arbeidskrava som ikkje er knytt til utviklingsprosjektet, første og tredje kulepunkt, kan ha ulike former som t.d. munnleg framlegg i læringsgruppa (10-15 minutt), nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon, refleksjonsnotat (400-500 ord) og omvendt undervisning. Emneansvarleg skal organisere dette. Det kan bli lagt opp til at studentane gir tilbakemelding til kvarandre i nokre av arbeidskrava. 

Hensikta med arbeidskrava er å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, digitale ferdigheiter, kollegarettleiing, vurdering, og undervisningsplanlegging. 

Arbeidskrav vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent. 

For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:

  • Minimum 80% frammøte
  • Alle arbeidskrav godkjende
  • PPUY-PRA2 Praksis 2 godkjend
Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Stein Conradsen
Used in other programs
  • Vocational Teacher Qualification (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Tverrfagleg utviklingsprosjekt, samarbeid med PPY122.
Oppgåva har eit omfang på 5000 ord +/- 10%.
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Approval signature: 
Arne Myklebust