Semesters

PPUD124-15 PPU: Fagdidaktikk - Musikk , 15 stp

Course code: 
PPUD124-15
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn deltid. På bakgrunn av gjennomført fagstudium i musikk skal emnet gi studenten grunnleggande kunnskap og dugleik til å undervise i musikk i norsk skule. Følgjande fagdidaktiske område inngår i studiet:

  • musikk som undervisningsfag med omsyn til musikksyn, musikkpedagogiske retningar og legitimering av faget
  • planarbeid som omfattar arbeid med aktuelle læreplanar og planlegging av musikkpedagogisk verksemd
  • aktuelt lærestoff og varierte arbeidsformer, også digitale
  • tilpassa opplæring
  • vurdering og rettleiing i musikkfaget
  • førebuing og refleksjon knytt til praksis
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskapar om

  • musikkfaget sin eigenart, utvikling og legitimering
  • gjeldande læreplanar i faget og fagplanhistorie
  • analyse av læreplanar og læremiddel
  • IKT i musikkpedagogisk arbeid
  • planlegging, gjennomføring, vurdering og grunngjeving av musikkpedagogisk verksemd tilpassa den einskilde elev og elevgruppe
  • musikkpedagogisk verksemd som lekk i ein større kulturell og samfunnsmessig heilskap
Learning outcome skills

Studenten er i stand til å

  • planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje musikkpedagogisk verksemd
  • bruke varierte arbeidsmåtar og digitale læringsverkty i musikkundervisninga, og å tilpasse desse den einskilde elev og elevgruppe 
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
  • følgje med og skape fornying innanfor fagfeltet
Working and learning activities

Studiet er praksisbasert, og faget set krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Oppgåvearbeid med individuell rettleiing.

Assessment requirements

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Arbeidskrav: Studenten skal skrive tre fagtekstar på 2000-2500 ord. To av fagtekstane skal vere knytt til eigen praksis. Arbeida skal vere godkjende før studenten kan ta eksamen. Arbeida vert vurderte med godkjend/ikkje godkjend.

Evaluation system
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Elizabeth Anne Oltedal
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamensmappa skal innehalde to av dei faglege arbeida, saman med ein presentasjonstekst på 600-800 ord som inneheld refleksjon over dei innleverte tekstane.
Approval signature: 
Aud Folkestad