Semesters

PPUD128-15 PPU: Fagdidaktikk - Framandspråk, 15 stp

Course code: 
PPUD128-15
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Course content

På bakgrunn av fagstudium i framandspråk skal fagdidaktikkemnet i framandspråk gi studentane eit grunnlag for å sjå språk som mennesket sitt viktigaste kommunikasjonsmiddel og som ein reiskap for å utvikle tanke og personlegdom. Noreg er eit lite språksamfunn, og nordmenn nyttar seg av framandspråk for å få kunnskap om – og innsikt i – andre land sine kulturar og for å kunne vere ein del av verdssamfunnet. Både innafor utdanning, yrkesliv og den private sfære gjer samarbeid på tvers av landegrenser og kulturar det viktig å lære framandspråk.Gjennom fagdidaktikkstudiet i framandspråk skal studentane få medvit om framandspråk som ferdigheitsfag, reiskapsfag, kultur- og danningsfag. Elevane sin totale språkkompetanse er ei felles oppgåve for alle språkfaga. Undervisninga skal gjere det mogleg for studentane å tileigne seg kunnskap, gjere praktiske erfaringar og utvikle evne til refleksjon, i møte med fagdidaktiske problemstillingar som relaterer seg til framandspråk i skule og opplæring.

Utdanninga skal også kvalifisere til å ivareta opplæring om samiske forhold. Under dette kjem kjennskap til den statusen urfolk har internasjonalt, og samiske born og ungdommar sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn og kunnskap om framandspråksfaga sin eigenart

  • har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet

  • har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga, og brei kunnskap om fagplanhistorie

  • har brei kunnskap om barne og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar

  • har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaar og arbeidsmetodar i framandspråksundervisinga

  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, og under dette kunnskap om vald og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

Learning outcome skills

 Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i framandspråk basert på forskings og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
  • kan leie og legge til rette for undervisingsforløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø i framandspråksundervisinga
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gje læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
  • kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, og under dette kjem også å identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne iverksette nødvendige tiltak.
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan formidle pedagogiske og framandspråksdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen fagdidaktisk kompetanse og bidra til både kollegaar og skulen si utvikling
  • kan bygge relasjoenar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket
Working and learning activities

Undervisninga omfattar dels felles førelesingar på tvers av fag i PPU (felles fagdidaktikk) og dels seminar og førelesingar knytt til det einskilde faget (t.d. framandspråk). Studiet er praksisbasert, og faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. 

Assessment requirements
  • Obligatorisk frammøte
  • Ei fagdidaktisk skriftleg oppgåve knytt til praksis (2500 ord)
  • Ein individuell teoretisk refleksjonstekst (2000 ord) knytt til eit metodisk opplegg

Frammøte til undervisninga er obligatorisk.

Evaluation

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Lidun Hareide
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
•Ei fagdidaktisk skriftleg oppgåve knytt til praksis (2500 ord)
•Ein individuell teoretisk refleksjonstekst (2000 ord) knytt til eit metodisk opplegg