Semesters
PPUD131-30 PPU: Fagdidaktikk - Mediefag, 30 stp
Fagdidaktikk i mediefag tek føre seg barn, unge og media, det å undervisa i mediefaget, arbeidsformer knytt til faget, planleggingsprinsipp, integreringa av faget i skulefaga og utviklinga av faget. I opplæringssystemet kan ein skilje mellom mediefag som eige fagområde og bruk av medium som pedagogisk verkemiddel i opplæring og formidling. Fagområdet kan delast inn i følgjande delemne:
- Det mediepedagogiske felt
- Mediedidaktikk og mediekompetanse
- Media i samfunn og skule: identitet, kultur og mediebruk
- Medieanalyse og metodikk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal:
- Vere kjend med det mediefaglege feltet knytt til mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’
- Ha utvikla kunnskap om læring både om, med og gjennom ulike medium, korleis bruk av medium gir meirverdi i eit arbeid og om læringsprosessar i eit utvida perspektiv.
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal:
- Kunne bruke kunnskapar om mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’ i arbeidet med å planlegge, gjennomføre og vurdere mediefagleg læring.
- Ha tileigna seg kunnskapar og utvikla evner slik at dei kan fungera som faglege ressurspersonar for skule, elevar og andre lærarar.
- Kunne planlegge, gjennomføre og evaluere mediefagleg relevante undervisnings- og læringsdesign.
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal:
- Ha utvikla analysekompetanse i fagplanarbeid, og gjennom denne ha utvikla fagkritisk distanse til å iverksetje læringsarbeid som er i tråd med gjeldande læreplanar.
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling.
Spesifiserte arbeidskrav vert lagt inn i emneplanen før studiestart.
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |