Semesters

PPUD131-30 PPU: Fagdidaktikk - Mediefag, 30 stp

Course code: 
PPUD131-30
Duration: 
4 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
2019 Autumn
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Fagdidaktikk i mediefag tek føre seg barn, unge og mediekultur, det å undervisa i mediefaget, arbeidsformer knytt til faget, planleggingsprinsipp, integreringa av faget i skulefaga og utviklinga av faget. I opplæringssystemet kan ein skilje mellom mediefag som eige fagområde og bruk av medium som pedagogisk verkemiddel i opplæring og formidling. Emnet har fokus på begge desse forståingane. Fagområdet kan delast inn i følgjande delemne:

- Mediefaget, mediekompetanse i skulen og medielærarrolla

- Media i samfunn og skule: identitet, kultur og mediebruk i og utanfor skulen

- Medieanalyse og metodikk: Læreplanar, undervisningsplanlegging og den metodiske verktøykassa

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon

- er kjend med det mediefaglege feltet knytt til mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’ 

- har utvikla kunnskap om læring både om, med og gjennom ulike medium, korleis bruk av medium gir meirverdi i eit arbeid og om læringsprosessar i eit utvida perspektiv 

Learning outcome skills

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon  

- kan bruke kunnskapar om mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’ i arbeidet  med å planlegge, gjennomføre og vurdere mediefagleg læring.

- har tileigna seg kunnskapar og utvikla evner slik at dei kan fungera som faglege ressurspersonar for skule, elevar og andre lærarar.

- kan planlegge, gjennomføre og evaluere mediefagleg relevante undervisnings- og læringsdesign.

Learning outcome qualification

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon  

- har utvikla analysekompetanse i fagplanarbeid, og gjennom denne ha utvikla fagkritisk distanse til å iverksetje læringsarbeid som er i tråd med gjeldande læreplanar

Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling.

Assessment requirements

Det er knytt arbeidskrav til kvart av dei tre delemne som går inn i eksamensmappa. I tillegg gjer kandidaten eit større utviklingsarbeid som også inngår i eksamensmappa. Arbeidskrava er nærare spesifiserte i semesterplanen i emnet. 

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Synnøve Hedemann Amdam
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet variere noko frå år til år, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Approval signature: 
Anne Øie